Bjørg er Radøy Venstre sin ordførarkandidat!

20.08.2007 Bjørg er fødd i 1954, er gift og har tre born. Bjørg syns Radøy kommune er ein god kommune å bu og leva i. Den har eit godt utbygd tenestetilbod av god kvalitet. -Utfordringa vert å oppretthalda og vidareutvikla tenetetilbodet til det beste for alle innbyggjarane i kommunen, seier Bjørg Murberg.


Foto: Kari Østervold Toft
Bjørg har to periodar bak seg i kommunestyre og formannskap. Ho har sett spor etter seg på "den grøne øya".
Takka vera hennar engsjemang og omsut, vart det sett fart i planane for nyeskulen på Sæbø. Ho fekk med seg formannskapet på ei synfaring, då vart det sett igang ein prosess. Ho er ein ressursperson når det gjeld å søkja og få statlege midlar til kommunale prosjekt, som psykriatribustader og sjukeheimsplassar. Ho har eit oppriktig ynskje om at kvar einaste arbeidstakar i kommunen skal kjenna seg verdsett og høyrd. - Dei tilsette i kommunen er den viktigaste ressursen for at me som kommune skal kunna gje innbyggjarane våre eit godt tenestetilbod, seier Bjørg.

Bjørg er også oppteken av;

*At born og unge skal ha trygge og gode oppveksttilhøve.
*Sikra at Sæbø skule og den nye sjukeheimsavdelinga ver ferdigbygde.
*Velferd for sjuke, eldre og funksjonshemma og omsyn til deira pårørande.
*Frisk, trygg mat og produksjonen av denne.
*Ta vare på naturen og pleia kulturlandskapet.
*Sikra gode vilkår for næringslivet.
*Syta for at Radøy kommune er ein god arbeidsgjevar.

Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Regionale nyhende
06.02.2012 • Hordaland
Fire vil på tinget for Venstre
05.02.2012 • Hordaland
Nytt styre i Hordaland Venstre
19.01.2012 • Hordaland
Venstre satsar på snøggbåt
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092