Ein skulebruksplan må på plass!
22.02.2012 Stord Venstre såg seg i haust nødd til å gå med på eit budsjett som medførte store kutt, også i høve områder som Venstre har programfesta å arbeida for.
Vedtaket om ein prosess i høve Litlabø Skule vart fatta på bakgrunn av den føresetnaden at ein måtte kutta kostnadane til Stord Kommune med 8-9 millionar. Det viser seg no at mange stiller seg kritiske til om desse kutta kan vera rette.

Litlabø Skule. Foto: Privat
Stord Venstre kjem til å krevja at skulebruksplanen er på plass, og at ei ny vurdering av konsekvensane av nedleggjingar vert lagt til grunn. Ein skulebruksplan som tar for seg heile strukturen i kommunen, der alle skular vert vurdert objektivt av Norconsult i Bergen.
Konkret tyder dette at Stord Venstre kjem til å røysta MOT nedleggjing av Litlabø Skule, når saka no kjem på kommunestyremøtet 22. Mars.
Stord Venstre har programfesta i denne perioden å sjå på moglegheitane for at Litlabø Skule vert organisert som eit oppvekstsenter, der ein kan leggja tilhøva til rette for differansierte klassar, og felles administrasjon. Om skulebruksplanen og politiske prioriteringar viser at dette er det rette å gjera. Dei liberale prinsippa med fritt skuleval, som Venstre ser på som ein grunnleggjande rett for føresette og born er også eit moment som talar imot nedleggjing. Liberale rettar vil me framleis arbeida for, på Litlabø, såvel som resten av Stord.
Håkon Frode Særsten
Leiar og kommunestyrerepresentant
Stord Venstre
Regionale nyhende




