Utvikling, ikkje nedbygging

Geir Angeltveit går gjennom korfor det er ein dårleg ide og eit dårleg utgongspunkt å strupa finansieringa av folkehøgskulane som Unge Høgre har foreslått.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Det er med undring eg ser at Unge Høgre så agressivt går ut til åtak på finansieringa av folkehøgskulane i landet. Med påstandar om at folkehøgskulane kan samanliknast med NAVing (det at ungdom tar seg eit friår og lev på trygd!) eller at det er snakk om å sitta å hekla i eit år. No er det inga folkehøgskule-liner som tilbyr hekling, men fakta har ikkje vore utgongspunktet for deira standpunkt, så lar den ligga.

 Skal me alle vera Unge Høgres A4 replikasjonar og følgja same utdanningslaup?

Skal me alle vera Unge Høgres A4 replikasjonar og følgja same utdanningslaup?
Foto: Roger Waters, The Wall

Ungdomen i Høgre freistar å starta ein prioriteringsdebatt, ved å sjå på utdanninga i eit kost-nytte perspektiv. Der reknar dei kring 1,5mrd som utgift årleg. No er det ikkje vane for å tenka kost-nytte og kortsiktig vinning i utdanningssystemet, men det er uansett tvilsomme tal som vert presentert. Tar ein med det at FHS-elevar kjem seg raskare gjennom t.d. bachelorgradar, i større grad fullførar vidaregåande om dei ikkje hadde det frå før, eller at folkehøgskulane tilbyr verdifulle tilbod som butrening og rådgjeving, og skapar målbart færre trygde-klientar enn det samanlikbare elevar gjer. Tar ein med dette, så må dei starta utrekninga på ny.

Solstrand veiviser nær

Om Unge Høgre treng hjelp for å finna effektive kutt så har dei mykje å ta av, til dømes kan ein avvikla ordninga med eksportstøtta til osteproduksjonen, 130mill, subsidier m.m. til pelsdyrdrift, 23mill. Avvikling av nettlønnsordninga for sjøfolk, 1,5mrd. Eller stogga innføringa av overvakingsregimet Datalagringsdirektivet som Høgre og Arbeidarpartiet røysta inn, 213mill.

Folkehøgskulane er viktige supplement til det øvrige skulevesen. Dei står i ein demokratisk folkeopplysningstradisjon som bidrar til danning, personleg utvikling og nye perspektiv på viktige samfunnsområder. Venstre ynskjer å gjere det mogeleg for folkehøgskular å vidareutvikla skuleslaget innanfor forutsigbare rammer. Unge Høgre må erkjenna at mangfald av skuleslag er positivt og skal verdsettast.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit

Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**