Lakserømning er grov miljøkriminalitet

Ang. sak i Sunnhordland om at kring 50.000 laks har rømd frå Havbruksanlegg på ilholmane i februar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Forskarar og fagfolk er samde om at den viktigaste trusselen mot villaks er representert ved lakseoppdrettsindustrien, gjennom rømd oppdrettslag og særleg lakselus.

Oppdrettsanlegg

Foto: Nina Østebø

Havforskningsinstituttet la for ca eitt år sidan fram ein rapport som viste at lakselusinfeksjonen på vill laksefisk ikkje hadde blitt noko bnetre frå 2010 til 2012. Tvert imot ser det ut som om infeksjonspresset på vill laksefisk har auka på heile kysten frå Hordaland til Troms dei siste åra. Dette er alvorleg.

Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskningsfond (FHF) får innrapport kring 300.000 rømt oppdrettslaks kvart år. Havforskingsinstituttets “Risikovurdering norsk fiskeoppdrett 2013” Fastlår at rømningstalla truleg er fem gongar så høge som det som vart meldt inn.

Oppdrettslaksen set dei ville stammane i fare ved at dei er med på å endra den genetiske samansetjinga av ein stamme, genforureining. Den genetiske evolusjonære tilpassinga vil regelrett vatnast ut, noko som biologisk sett er svært negativt.

Venstre vil setja strenge miljøkrav ved tildeling av nye oppdrettskonsesjonar og lokaliseringa av desse. Det er eit behov for rekstrukturering av norsk oppdrettsnæring, der miljø i større grad skal vera førandre for kor fiskeoppdretten finn stad. Venstre meinar at det er forureinar som må ta ansvaret og prisen, i dette tilfellet er det oppdrettsnæringa.

Me treng å intensivera forskinga på lukka anlegg, både for å kraftig redusera rømningstala men også for å reinsa ut mykje av den regelrette driten som fisken slepp ut i stor skala. Eg ser også med stor spenning og entusiasme på prosjektet i Øygarden med prosuksjon av sjøpølser til fiskefôr. Får dei det til i stor skala er det ein ufatteleg stor miljøgevinst og innsparingspotensiale, som kanskje kan dekka utgifter til omstilling til lukka anlegg.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit

Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**