Vil ikkje ha våpenkapplaup i gatene!

Geir Angeltveit går ut i Sunnhordland 13. August med eit åtvaring mot å opna for generell væpning av politiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Med jamne mellomrom blussar debatten om generell væpning av politiet opp, denne gongen er det leiar av Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad som tar til orde for dette. Trufast følgt av diverse politikarar frå FrP.

Argumenta for at politiet skal gå frå å ha våpen i køyretøya sine, til å ha desse på sin person er det fleire av. Problemet er berre det at dei negative konsekvensane av ei slik endring vil vera langt meir kritisk for samfunnsutviklinga enn det elles kunne vore.

Politi

Foto: Venstre

I våre naboland, Sverige og Danmark operera ein med generell væpning. Det ein ser her er at det løysast skot mange gongar så ofte som i Noreg. Samstundes er det ikkje noko som tydar på at politiet eller borgarar i desse to landa er mindre utsatt for vald enn i Noreg.

Trøbbelet er det faktum at lettare tilgjenge av våpen medførar hyppigare bruk av desse — folk blir skotne (på) som verkeleg ikkje burde ha blitt skotne på.

Generell væpning av politiet fordrar eit våpenkapplaup i gatene. Der politiet ikkje er generelt væpna, vil kriminelle i mindre grad væpna seg sjølve, då ein forstår at «væpna ran» og «ran» ofte vil gje ulike dommar om ein vert tatt. Kriminelle som ikkje er likeins væpna som politiet vil ha ei ulempe ovanfor politiet, noko som medføra at den generelle kriminelle populasjonen sjølv vil væpna seg. Det avgjerande faktum at høgare væpning av både politi, og dei kriminelle vil i seg sjølv resultera i hyppigare bruk av våpen. Ein situasjon kor våpen ikkje normalt sett ville vorte nytta (t.d. politijakt), så må plutseleg kvar side førebu seg på at skotveksling er eit alternativ som kanskje ikkje ville vore der tidlegare. Dette vil effektivt sett redusera valmogelegheitane tilgjengeleg for politiet, og det vil vera mindre sannsynleg at desse nyttar seg av mindre skadelege middel som peparspray eller batong.

 Heckler & Koch 3000 er politiets nye pistol. Foto: Vi Menn.

Heckler & Koch 3000 er politiets nye pistol. Foto: Vi Menn.

Sjølv om Politiets Fellesforbund er for generell væpning, så er Norges Politilederlag motstandarar av ei slik utvikling. Politiet er splitta på alle nivå, så det ville vore kontraproduktivt å lytta berre til dei høgste røystene. Rekrutteringa til politiet kan også verta påverka; mange noverande konstablar som er motstandarar av slike tiltak kan forlata sine stillingar, og andre som dei – kan avstå frå å søka politistyrken i framtida. Ynskjer me verkeleg ei politistyrka som i stor grad består av folk som ønskjer å bæra våpen kvar dag?

I dag er det vanleg med framskott lagring, dvs. at politikonstablar har eit- og tohandsvåpen nedlåst i bilane sine (varierer frå distrikt til distrikt). Venstre meinar at det kan vera nyttig å auka beredskapen i form av framskott lagring i alle politidistrikt, slik at politiet meir systematisk og i løpet av kort tid kan gripa inn ved bruk av våpen når det er naudsynt. Og tillata politiet praktisk tilgang på fleire våpentypar tilpassa utfordringane dei møtar, samt grundig trening, men avvisar generelle væpning av politistyrken.

Venstre og underteikna meinar at ein liberal rettsstat, der borgarane kan føla seg trygge og der politiet nyte stor tillit, best tryggast ved at politiet fortset å vera uvæpna i dei fleste tenesteoppdrag.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Kommunestyrerepresentant Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**