Vil gjera Torget meir intimt

Det har lenge vore klårt at ein skal utbetra Torget for å gjera det meir koseleg og betre for folk å nytta. Det vert no ope møte på torsdag 28. August for å diskutera kva ein bør gjera i sentrum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Håkon Frode Særsten1

Foto: Særsten

Torsdag kl. 18.00 i Stord kulturhus vert det ope møte om Torgets framtid. Stord Kommune og Komité for Næring, Miljø, og kultur ved leiar og Venstre-politikar Håkon Frode Særsten arbeida ei stund med dette prosjektet.

— Me ynskjer å formidla kor langt me har komme i arbeidet, og samstundes høyra litt om kva tankar andre har, seier Håkon Frode Særsten til Bladet Sunnhordland.

Han er leiar for utvalet som komite for næring, miljø og kultur har sett ned for å utarbeida framlegg til detaljplan for Torget. Møtet er ope for alle, men Særsten håpar særleg at dei som har interesser i Leirvik sentrum, som til dømes huseigarane, vil møta opp for å utveksla meiningar.

Resten av artikkelen kan ein lesa på Sunnhordland sine sider her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**