Venstre satsar på dei unge

Medan eit tusentals stordabuarar tende julegrana, var kommunestyresalen fylt opp av unge, liberale eldsjeler.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Unge Venstre logo

Sunnhordland Unge Venstre hadde i helga valkampseminar, både med tanke på skulering og sosialisering. Blant dei som var å snakka for ungdomen var mellom anna stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, Unge Venstre-leiar Tord Hustveit, og lokal Venstre-politikar Geir Angeltveit.

– Me har jobba målretta med å rekruttera ungdom for å få dei med på listene. Denne samlinga er i stor grad for å førebu ungdomskandidatane våre på kva det betyr å vera folkevald, med alle dei oppgåvene og alt det ansvaret det inneber, seier Angeltveit. Som var vert for dei unge liberalarane.

På Bømlo vert Andrè Habbestad (17) å stå på lista som ungdomskandidat. På Stord er det avtroppande leiar i Sunnhordland Unge Venstre, Maria Irgens (23), og i Kvinnherad er det Ragnhild Handeland (18), som allereie er vald til 4. kandidat, men som måtte prioritera eksamenslesing framfor seminar.

– Eg vil jobba for å vera ei røyst for dei unge i kommunen, og det er viktig at me tenkjer på dei som er i etableringsfasen, seier Irgens.

– Det vil bli veldig spennande å sjå om eg kjem inn, og å spennande å jobba med politikk. Heldigvis så er det veldig mange flinke folk i Bømlo Venstre frå før av, seier Habbestad.

Saman på møtet var også ungdomskandidatane Njaal Neckelman og Øydis Lebiko frå Bergen. Her er nokre av deltakarane på seminaret, dei noverande og forhåpentlegvis framtidige politikarar.

 Frå Venstre, frå venstre: Kent Are Kjørsvik Petterson, Øydis Lebiko, Ingrid Handeland, Njaal Neckelman, Maria Irgens, Andrè Habbestad, Sveinung Rotevatn, Geir Angeltveit og Peder Lofsnes Hauge.

Frå Venstre, frå venstre: Kent Are Kjørsvik Petterson, Øydis Lebiko, Ingrid Handeland, Njaal Neckelman, Maria Irgens, Andrè Habbestad, Sveinung Rotevatn, Geir Angeltveit og Peder Lofsnes Hauge.
Foto: Andreas Kolstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**