Æresmedlemspris til Harald Nes

På måndagens årsmøte vart det duka for ei lita men god overrasking. Eit av våre medlemmer har vore aktiv i partiet i krign 45 år. Som politikar, sympatisør mm. Det fortente ein merknad i partiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Ærespris Harald Nes Lokallagsleiar Håkon Frode Særsten tildelar Stord Venstres æresmedlemsskap til partiveteran Harald Nes.

Ærespris Harald Nes Lokallagsleiar Håkon Frode Særsten tildelar Stord Venstres æresmedlemsskap til partiveteran Harald Nes.
Foto: Astrid Larsen

Då Stord Venstre måndag avholdt sitt års- og nominasjonsmøte på Rehabiliteringssenteret var det med ei overrasking til eit av våre medlemmer. Stord Venstres eigen Harald Nes, som har vore med laget i kring 45 år vart heidra for lang og tru innsats.

Harald har tidlegare tent som FN-soldat, og har vore i formannsskap og kommunestyret i Stord kommune i fleire periodar tidlegare.

Laget har hatt stor glede av Harald si deltaking på våre møter. Trass alderen er han ein av dei som møter opp og kjem med idear og kommentarar. Me håpar at Harald ønskjer å delta på våre møter også vidare.

Det er ikkje styret kjent at Stord Venstre tidlegare har delt ut eit æresmedlemspris, denne ordninga har ein hatt lenge i Venstre men terskelen er høg for å benytta seg av den – i dette tilfellet var det absolutt ingen tvil om at Harald fortente prisen og me gratulerar alle mann. Det er viktig også i det frivillige å gje engasjerte sjelar oppmerksomhet og annerkjenning for sin innsats.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**