Innlegg i kommunestyret om kommunestruktur

I kommunestyret 14.oktober møtte Elizabeth Toft Erichsen som vara for Karsten Kleppe og heldt følgande innlegg i debatten om organisering av vidare prosessen rundt kommunereform.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Ordførar, kommunestyre

Takk til rådmann for god utgreiing
Venstre er positive til tilrådinga og tankane gjort rundt framdrift

At Sund var klar for å utgreie samarbeid når ikkje dei andre var det får være til vår fordel, – for då er vi ikkje redd for å ta denne debatten – heldigvis.
I Venstre – som i Krf er det fleire som er lunkne til at Sund skal slå seg saman med andre, men vi er som kjent partiet der det minst er 3 meiningar når to medlemmar diskuterar.

Det har vore fleire som har peikt på utfordringane knytt til at vi ikkje kjenner kva oppgåver vi vil ha i ein evt ny kommune – og desse bekymringane sluttar vi oss og til. Å fatte eit vedtak om sammanslåing utan at vi veit kva oppgåver vi skal ha vert ikkje rett. Vi ser fram til at det skal komme tydelege føringar på dette frå staten.

Det er etter vårt syn veldig viktig at vi klarar tenke bredt når ein vurderar kva veg ein skal gå mot ein evt ny kommune. Det viktigste for Venstre er å finne fram til den løsningen som gir den beste løsningen for Sund kommunes innbyggere. Det er ikke gitt at hverken å stå alene eller gå sammen i storkommune er det beste alternativet. Derfor er det behov for høyttenking rundt alle alternativene vi står foran. Det skuldar vi innbyggjarane våre.

Vi går inn for rådmannen si innstilling i alle 4 punkt, og ser fram til ein god debatt og ein god prosess framover.

Takk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**