Ordføraren si nyttårshelsing og oppsummering av året 2009

27.01.2010 Me har mykje å gleda oss over i Ulvik og mange negative trendar har snudd for bygda vår. Me gler oss stort over det me har oppnådd til no i denne valperioden.


2009 – vi er fleire folk i Ulvik!

I ordførarkvardagen er det lett å bli fanga av alt som skjer i kontakten mellom heradet og andre offentlege organ, alle møta og samlingane som vi skal vere med på, og alle einskildproblema som heradet blir bede om å involvere seg i. I denne kvardagen er det ikkje alltid like lett å sjå dei gode politiske Venstresakene, eller sjå alt det positive som faktisk har skjedd. Difor blir det og både tankevekkande og ei god påminning å ta fram programmet vi gikk til val på i 2007, og oppsummera kva vi har fått til so langt, og kva vi må ta tak i neste år.

Ulvik Venstre har som hovudmål for valperioden å snu folketalsutviklinga. Det har vi klart i år! Pr 30. september var vi 1.130 innbyggarar, ei auke frå 1.095 1. januar i år. Den målretta jobben som vert gjort lokalt og i prosjektet ”Flytt til Hardanger” har gjeve resultat alt. Framover vert det veldig viktig å halda fokus på trivnad og aktivitet for oss som bur her, i tillegg til å framleis jobba med å få fleire til bygda.

Arbeidsplassar og utvikling
Vi har diverre ikkje klart å realisera Hardanger rehabiliteringssenter. Den oppgåva vart for stor, då dei statlege rammevilkåra ikkje gjer det mogleg å bygga nye tilbod. Det har vore eit vanskeleg og krevjande år med denne saka, men det ville vore uansvarleg å halde fram på bakgrunn av dei erfaringane vi har fått dette året. I første halvdel av 2010 skal vi freista å få til anna aktivitet på den opparbeidde tomta, slik at det forhåpentlegvis kjem noko godt ut av prosjektet.

1. mars var den nye nærings- og bygdeutviklaren på plass, eit resultat av arbeidet vårt med ny organisering for næringsutvikling. Ho har fått til mykje på dei månadane ho har vore her, og gjer ein framifrå jobb.
Eit av dei større prosjekta næringsutviklaren har fått Ulvik inn på, er Landskapsparkar i Hordaland. Dette prosjektet kan kanalisera mykje ny aktivitet for eksisterande verksemder, ikkje minst i landbruket.

Av anna som er starta opp kan nevnast:
* bustadfelt på Hjelmevoll som vil gje attraktive, sentrumsnære bustadtomter
* to nye kafear som er særs positive møteplassar både for oss som bur her og for tilreisande
* vegen over Espelandsdalen er monarleg utbetra, og reguleringsarbeid for rassikring Ulvik – Bruravik er starta opp
* kontakten med verksemdene på Finse er styrka, og diskusjonen om stasjonen skal leggast ned er avslutta med godt resultat for Finse.

Sosialt ansvar
Dei frivillige organisasjonane har fått utvida støtte til einskildarrangement. Kvasshovden Opp, og støtte til fleire arrangement i Kvemmadokkje har vore prioritert saman med andre aktivitetstilbod som er svært viktige for innbyggarane.
Vi har og prioritert auka rammer for sjukeheimen slik at det er starta opp dagavdeling for demente 3 dagar i veka, og vidare satsing på psykiatrisk sjukepleiar sjølv om den statlege støtta fall vekk.

Miljø
Kampen for å få den planlagde høgspentlinja i kabel har vore sentral i heile år og. Eg har som styremedlem i folkeaksjonen delteke på fleire arrangement og møte for å fremje saka. I haust har arbeidet vore intensivert, då det er venta ei avgjerd i ankesaka like over nyttår.
Energi- og miljøplan for Ulvik Herad vart vedteken i haust. Planen har gjeve oss god informasjon om status i heradet, og den inneheld ei rekke tiltak som bør gjennomførast lokalt. I budsjettet for 2010 har vi fått vedteke eitt av dei, ei tilskotsordning for å skifte ut gamle omnar med nye som forureinar mindre. Det vert viktig å ha planen med i handsaminga av økonomiplanen neste år, slik at vi kan få sett i verk fleire av dei gode tiltaka som ligg der.

Skule og oppvekst
Brakanes skule har fått eit kraftig løft det siste året, då vi har nytta ekstra midlar frå ”krisepakkane” til regjeringa på skulen. Vi har og støtta barnehagen slik at dei opprettheld tal avdelingar sjølv om det i periodar har vore for få born til å fylla alle avdelingane. Det kjem vel med neste år, då talet på søkarar stig igjen.

Anna
I 2009 har det og vore mykje debatt kring skattefordelingssaka mellom Ulvik og Eidfjord. Det er vanskeleg å akseptera Eidfjord si haldning i saka, og lokale eldsjeler har skapt stort engasjement for å få saka opp igjen i dei to herada. Ulvik har handsama saka to gonger, og vore tydelege og tilnærma samrøystes i vedtaka som er gjort. Det er ei styrkje for meg som ordførar når saka skal målberast mot naboane og i dei interkommunale fora vi er ein del av.

Det er mykje positivt som skjer i Ulvik, og det vert viktig å halde fokus på å vidareføre dei gode tiltaka som er sett i gang. Så må vi og leve med at ikkje alt går slik vi ynskjer. Det er mykje som og står ugjort, og mange moglegheiter for god Venstrepolitikk i 2010 og.

Ynskjer dykk alle eit godt nyttår!

Beste helsing



Mona H Hellesnes
Ordførar (V)


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Regionale nyhende
06.02.2012 • Hordaland
Fire vil på tinget for Venstre
05.02.2012 • Hordaland
Nytt styre i Hordaland Venstre
19.01.2012 • Hordaland
Venstre satsar på snøggbåt
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092