Torstein Gunnarson

05.09.2011 Presentasjon av ordførarkandidat Torstein Gunnarson.


Torstein Gunnarson er Venstre sin ordførarkandidat i Voss kommune. Gunnarson er pensjonist, men er ofte å finnna som guide om sommaren, og lærarvikar elles på året. Tidlegare var han kommunalsjef for barnehage og skule i Voss kommune.

Foto: ar

Trass i passerte 70 år, er Venstres ordførarkandidat ein ivrig paraglidar. Når han ikkje heng høgt i lufta, er han særskilt kjent som ein grundig og ryddig politikar og organisasjonsmann. Mellom anna som leiar i Voss Idrottslag i perioden 2003 - 2009, og som politikar i kommunestyre og formannskap i perioden 2007 - 2011.

Av anna relevant erfaring, kan det nevnast at Gunnorson òg har vore fylkesleiar for Akershus Venstre, kommunestyremedlem i Ullensaker og medlem av Venstres sentralstyre på 80-talet.

Gunnarson har eit breitt politisk interessefelt, og er kjent for å vera engasjert, ryddig og samarbeidsinnstilt.

Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092