Knut Olav Nestås

05.09.2011 Presentasjon av Venstre sin 2. kandidat til valet.


Foto: Vidar Herre
Knut Olav Nestås er Venstre sin andrekandidat til valet i 2011. Nestås har trafikkpedagogisk utdanning frå Høgskulen i Nord-Trøndelag, og jobbar som dagleg leiar for kursverksemda Vossa*lappen og er trafikklærar på Voss. Tidlegare har han jobba som eigedomsmeklar og forretningskonsulent.

Av politisk erfaring har Nestås vore i kommunestyret i perioden 2007 - 2011, og vore leiar i Voss Venstre sidan 2009. Det politiske interesseområdet er breitt, men Nestås er særskilt oppteken av næringsutvikling, klima- og miljø, tilrettelegging av areal for bustad- og næringsføremål, og sist, men ikkje minst: ungdomspolitikk. M. a har han løfta fram framlegg om ungdomshus og ungdomsråd til debatt, gründarstipend og forslag om reduksjon i skjemamengda for næringslivet.

Nestås er kjent for å vera ein positiv og engasjert lokalpolitikar.

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092