– Hotell i åtte etasjar uaktuelt
01.10.2011 – Eit hotellbygg i åtte etasjar vil bli som ein mur mot Vangen. Eit slikt førsteinntrykk kan me ikkje gje turistane som kjem hit, fastslo Torstein Gunnarson i formannskapet.
Venstre-toppen sa dette i formannskapsmøtet torsdag 29. september. Bakgrunnen for uttalinga, var eit forslag om eit nytt hotell som skal byggjast i samband med planane for Voss stasjon som knutepunkt.

Foto: ar
– Om me verkeleg fekk ein slik koloss ved det nye knutepunktet, ville kyrkjetårnet vera einaste punkt på Vangen som raga over det nye hotelltaket, sa Gunnarson.
Les meir om saka i dagens utgåve av "Hordaland", eller sjå link til saka her:
http://www.avisa-hordaland.no/lokalnytt/voss/article5756309.ece
Regionale nyhende




