Voss treng fleire barnehageplassar!

19.02.2012 Venstre gav full støtte til den justerte kommunedelplanen for barnehage, som Voss kommunestyre vedtok i møtet 16. febr. Venstres representant i utval for levekår, Jorunn Ytrefjord, understreka m. a at det var viktig å tilpassa lokale og uteområde etter barnas behov.


Foto: Knut Olav Nestås
Voss kommune har etter kvart ein tvilsam tradisjon når det kjem til "midlertidige" barnehagar. Difor var det viktig for utviklinga i kommunen at det vart fatta vedtak om utbyggingar no.

I tillegg til tilbod om utebarnehagegrupper, står nybygg på noverande Lundhaugen barnehage sitt område, følgd av nybygg/evnt. ombygging på Evanger øvst på lista. Jorunn Ytrefjord påpeika i tillegg at dett ikkje berre var å finna eit mogleg ledig lokale, men at dette måtte tilpassast behova både i høve kapasitet, økonomi og, ikkje minst, pedagogisk.

Foto: Gjesdal Venstre

Viktige investeringar ligg no føre oss, og Voss Venstre vil følgja opp og sjå til at det vert løyvd pengar til dei prosjekta som er lova!

Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092