Voss Venstre ønskjer ei trygg og god legevakt

Det er no stor usikkerhet om kva legevaktordning Voss og nabokommunane vil ha frå hausten av. Voss Venstre er bekymra og etterlyser informasjon om utviklinga i saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Voss kommunestyre vedtok på møte 19. juni å utsetja saka for nærmare klargjering av økonomiske konsekvensar av ulike bemanningsalternativ på vyrkedag (ettermiddag/kveld) m.v.. Om nødvendig blir det innkalla til ekstraordinært KST-møte i august.

Tannlege, helse

Foto: Microsoft

Hovudspørsmålet har vore; Skal det vera 1eller 2 legar på vakt kvardagar mellom 16.00 og 23.00? Tilrådinga frå administrasjonen var 1, i hovudsak basert på ei fråsegn frå kommuneoverlegane om at dette var fagleg forsvarleg. Men siste tida før kommunestyrebehandlinga gjekk fleire legar sterkt ut mot dette! Ordninga må ha 2!

Voss Venstre stilte allereide i vinter spørsmål om bemanninga, og meinte ein lege var klart utilstrekkeleg. I kommunestyremøtet føreslo så Venstre i eit fellesframlegg med KrF, H. FrP og Rødt at det skulle vera 2 legar på vakt i det nemnde tidsrommet.

Kommunestyret vedtok til slutt samrøystes eit utsetjingsforslag frå dei same partia. Det utløysande var at meirkostnaden med 2 legar sprikte frå ca. 750 000 til 3 mill.!!

I etterkant har så m.a. eit par av kommuneoverlegane i "Hordaland" uttalt seg meir atterhaldande om det faglege forsvarlege med berre ein lege. Mange har også lagt merke til "Hordaland" sin kritiske leiar 12 juli, og at også Bergens Tidende i juli hadde kritiske artiklar om opplegget.

Ein del av problemet er at det ikkje blei semje mellom legane og kommunen om løna.(Voss er såkalla "vertskommune" og forhandlar på vegne av alle kommunane ). Eit svært viktig — og uavklara — spørsmål er om dette kan medføra ei stykkprisordning som inneber at legane vil fungera som private næringsdrivande, og dermed truleg kan nytta sine eige legekontor, dvs. ikkje kan påleggjast å arbeida ut frå legevaktkontoret på Voss sjukehus. Dette er etter vår meining svært uttilfredsstillande!

Medisin, helse

Foto: Microsoft

Innbyggjarane i Voss, Vaksdal, Ulvik, Granvin, Eidfjord og Kvam fortener ei fagleg skikkeleg legevakt. Noverande usikkerhet må avklarast snarast! Dei andre kommunane ventar på vedtak i Voss. Derfor bør det bli eit ekstraordinært kommunestyremøte no i august, og administrasjonen må snarast koma med supplerande informasjon!

Voss Venstre
Knut Olav Nestås Jorunn Ytrefjord

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**