Venstre vil sikra trygge løysingar for gåande og syklande

Etter at Knut Olav Nestås var ute med kritikk av løysinga langs Honvesvegen og for syklistar langs E16 i avisa «Hordaland» førre helg, har Venstre no formelt sendt spørsmål til ordføraren ang. kva som har skjedd i saka så langt og kva som vonleg skal skje vidare.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Etter raset på Honvesvegen, som gjorde at E16 vart stengt i ein periode, har det ikkje lenger vore mogleg å nytta vegen eller sykla rundt Vangsvatnet.

I april spurde Knut Olav Nestås ordføraren om korleis ein skulle løysa utfordringane for gåande og syklande, og sidan har lite skjedd, med eitt unntak: Det vart opna for syklande på europavegen mellom Kvåle og Dyrvedalskrysset – ei strekning på om lag tre kilometer.

Venstre meiner at dette over tid er ein uhaldbar situasjon, noko Nestås presiserte i avisa «Hordaland» førre helg. Les oppslaget frå førre helg her.

Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

Torstein Gunnarson vil i fyrstkomande møte i Formannskapet, 28. august, stilla ordføraren følgjande spørsmål:

«Ordføraren svara i KST-møtet 10.april på ein interpellasjon frå Knut Olav Nestås (Venstre) om den utrasa Honvesvegen, om både mellombelse og meir langsiktige løysingar på korleis ein kunne få vegen i stand att og få strekninga brukande i alle fall for syklistar og gåande.

Seinare har "Hordaland" 16. aug. følgt opp saka med reportasje om m.a. det uforsvarlege med å tillata sykling langs E 16, og 21. aug. der driftsleiar i teknisk etat uttalar at med ein million og 3 veker skulle ein ha fått vølt vegen.

I sak til formannskapet 28.08. om rekneskapsrapporten for 2. kvartal heiter det berre at utbetring etter ras på Jordalsvegen og Honvesvegen vil kosta "fleire" millionar.

Kan ordføraren gjera greie for kva som konkret har skjedd sidan april : ansvarshøvet mellom Voss kommune og Statens Vegvesen, planar og kostnadskalkylar for utbetring og når tid FPL vil få ei sak om dette.
Torstein Gunnarson, Venstre»

Gunnarson

Foto: Ukjent

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**