Strid om friområde på Voss

Voss kommune har vedtatt å erstatta ein nedsliten barnehage på Lundhaugen i sentrale Voss med ein ny og større. Det raudgrøne fleirtalet meiner løysinga ligg i å omdisponera ein stor del av eit nærliggjande friområde på Rogne. Venstre går klart mot dette.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Lokalavisa "Hordaland" fortalde laurdag 13. sept. at formannskapet i Voss har vedtatt å leggja ut til høyring ein plan for bygging av ein ny barnehage på friområdet på Rogne til erstatning for Lundhaugen barnehage. Oppslaget er illustrert med ein illustrasjon (frå konsulentfirmaet) med store grøne område omkring nybygget.

Eg har, som Venstres formannskapsmedlem og gruppeleiar, fått eit par spørsmål om kvifor Venstre, med tilslutning frå Høgre, ønskte å stoppa denne prosessen, og heller få ei ny utgreiing om plassering av nybygget på noverande barnehageområde på Lundhaugen. Er det ikkje bra med fleire barnehageplassar?

Jauvisst — og vi er alle samde om at noverande bygning på Lundhaugen må få avløysing, og at vi treng fleire barnehageplassar. Men det er for mange og store minussider ved nytt barnehagebygg på Rogne!

Den nye reguleringsplanen skal gi plass til den største barnehagen i Voss, med 128 plassar! Friområdet blir dermed sterkt redusert og restarealet sterkt oppdelt.Friområdet er det einaste av ein viss storleik i dette tettbygde området nord om jernbanelina, eit område der det må reknast med fleire bustader og barnefamiliar i åra framover. (jfr. m.a. Rogne vidareg.) Dvs. svært negative utslag for bu- og nærmiljø og for helsebringande aktivitetar!

Omreguleringa inneber m.a. at det sentrale samlingsområdet/ fotballplassen blir borte. Ein liten ballplass på 20x 40 m kjem istaden for nov. ca. 2000 kvm, og plassert tett ved veg og bustader, åtskild frå resten av friområdet.

Og storleiken på barnehagen medfører m.a. minimumsløying for uteareal (dvs. i kontrast til illustrasjonen i avisa), parkeringsplassar manglar og tilkomsten er mildt sagt svært dårleg!

Ein ny barnehage på Lundhaugen, i 2 etasjar, vil gi godt fleire plassar enn i dag, og barnehagen vil stadig kunna ha friområdet på Rogne som eit flott og utfordrande nærleikeområde!
Torstein Gunnarson

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**