Ein miljøvenleg bilpark

I dag har me eit lesarinnlegg på trykk i avisa “Hordaland” om satsing på ein meir miljøvenleg kommunal bilpark. Les innlegget her!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Avisa Hordaland omtalar i tysdagsutgåva 25. november delar av debatten som blei halde i Voss kommunestyre 20. nov. i samband med rekneskapsrapporten for 3. kvartal. Der blir det òg synt til underteikna sitt framlegg om innkjøp av miljøvenlege køyretøy i den kommunale bilparken, og at eg refererte til nokre formuleringar i energi- og klimaplanen. Det betyr likevel ikkje at eg kravde kjøp av nye elbilar til heimetenesta, som ein kanskje kan få inntrykk av.

Nissan hurtiglader for elbil

Foto: Nissan

Elbilane har sine avgrensingar, og særskilt for heimetenesta som er i sving heile året, inkludert på kalde vinterdagar. Dag Sandvik kommenterte i møtet at bruktbilkjøp kan vera gunstig ut ifrå eit miljøperspektiv; han har eit poeng og det står heller ikkje i motsetnad til framlegget frå Venstre. I framlegget vårt står det korkje at bilane skal vera fullt ut elektriske eller heilt nye. Venstre og underteikna føreslo i kommunestyremøtet at avgjersla burde takast i samband med budsjettet i desember, og at også miljøvenlege bilar med god drivstofføkonomi skulle vurderast i den vidare sakshandsaminga. Det kunne ha bidrege til at noko meir pengar hadde blitt lagt på bordet, og at ein då kunne kjøpt moderne og miljøvenlege bilar med låge driftskostnadar. Kravet om miljøvenlege køyretøy er ikkje meir urimeleg enn at det står omtala som ein føresetnad for bilkjøp i energi- og klimaplanen for Voss kommune.

Utenriks, miljø

Foto: Luth

Difor er det òg beklageleg at kommunestyret ikkje syner eit større engasjement eller vilje til å overhalda eigne planar og føresetnadar. Venstre meiner det er viktig at me overheld målsettinga om å ha køyretøy med ein miljøvenleg profil i den kommunale bilparken. Det vil me halda fram med å jobba for, både ut ifrå eit ønskje om å overhalda planane me allereie har vedtatt, samstundes som me ønskjer å ta klima- og miljøproblema på alvor.

Knut Olav R. Nestås, kommunestyrerepresentant, Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**