Budsjett for 2015 i hamn

Venstre og Krf samarbeidde med dei raudgrøne partia om budsjett for 2015. Dei neste dagane vil me koma med meir informasjon om det me meiner er sterke og svake sider ved budsjettet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


I løpet av hausten/vinteren 2014 har Venstre som normalt fremja sitt eige budsjettalternativ. I år slutta KrF seg til vårt primærframlegg, og i formannskapet har difor KrF og Venstre røysta saman. I etterkant av møtet i formannskapet sendte Venstre ut informasjon om budsjettet vårt til både dei raudgrøne partia og H/Frp. Med bakgrunn i tilbakemeldingane frå dei ulike partane, forhandla Venstre den siste tida før kommunestyremøtet 11. desember med dei raudgrøne partia og KrF om budsjett for 2015.

For Venstre har auka midlar til levekår (dvs. barne, skule, helse og omsorg), kultur og ein meir aktiv klima- og miljøpolitikk, vore hovudprioritetane. Både Torstein Gunnarson, Jorunn Ytrefjord og Kolbjørn Blikås peika på kor viktig den auka ramma til levekår var i samband med budsjettdebatten.

Skole, elev, tavle, undervisning

Foto: Microsoft

I løpet av dei neste dagane oppdaterer me jamleg med informasjon om resultata frå forhandlingane, og punkta som me er mest nøgde med. Me kjem òg til å gje uttrykk for sider ved kommunestyremøtet generelt og budsjettet spesielt som me er mindre nøgde med.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**