Friske midlar til skule, barnehage, helse og omsorg

Når Venstre gjekk i forhandlingar med dei raudgrøne var det ei sak som var av høgaste prioritet for oss: Å finna plass til nye og friske midlar til levekår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Venstre har lenge varsla at ramma for levekårsfeltet bør aukast. Meldinga frå både barnehage, skule, helse og omsorg, er at rammene er knappe og at det er mange utfordringar som må løysast dei neste åra. Det har òg Venstre påpeika ved fleire høve – ikkje minst Jorunn Ytrefjord har vore ivrig talskvinne for å auka rammene for levekårsfeltet tidlegare.

For Venstre har det vore opplagt at dei avdelingane som har opplevd kutta mest dei siste åra, også må vera dei avdelingane som no merkar at me har lukkast med ein del av omstillinga. Det gjeld av omsyn til både tilsette og innbyggjarar, som ønskjer seg gode tenester.

Voss Ungdomsskule

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

Saman med dei raudgrøne fann me ei løysing der ein reservepost på 1 000 000,- blir sett av til levekårutvalet. Utvalet har ei naudsynt fullmakt som gir dei høve til å fordela midlar til barnehage, skule og helse- og omsorgssektoren ved behov. Men det er ingen løyndom at Venstre ønskte ein større sum sett av til disposisjon , slik Venstre hadde i formannskapet 17. nov.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**