Satsing på klima og miljø

I fjorårets budsjett var det ikkje synt noko politisk prioritering av klima og miljø, før Venstre gjennom forliket fekk aksept for sine framlegg. I år følgjer ein opp med å setja av friske midlar til nye tiltak innan klima- og miljøfeltet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


I samband med budsjettet for 2015 vart det sett av ein eigen post til klima, energi- og miljøtiltak. Voss kommune går inn med 300 000,- og ønskjer å få 200 000,- inn frå lokalt næringsliv, m.a. frå Voss Energi m. fl.

Midlane skal gå til grøne tiltak i klima- og energiplanen, samt få i gang tiltak for syklistar i tråd med t.d. tiltak nemnt i hovudplanen for sykkel.

Etter framlegg frå Venstre er det òg inne ei formulering om å søkja statlege midlar til satsing på gang- og sykkelvegar.

Sykkelpremie

Foto: MX Sport Vågsbygd

I kommunestyremøtet peika Knut Olav Nestås på at saka var eitt eksempel på at SV og Venstre fekk det beste ut av både kvarandre og av dei øvrige partia i budsjettsamarbeidet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**