Omkamp om legevakta

Saka om ny interkommunal legevakt var òg tema i budsjettforhandlingane. Venstre ønskte å setja av ein eigen sum for å sikra minst to legar på vakt, og slik sett ei få legevakt i tråd med dei faglege ønskja.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Me meiner det er naturleg å budsjettera ut ifrå ei løysing med to legar på vakt, sidan dette framleis kan verta den permanente løysinga for den interkommunale legevakta.

Me fekk ikkje med oss dei raudgrøne på ei slik prioritering. Men framlegget vert vedlagt protokollen, som ei påminning om at dette er ei sak me ville koma attende til. Sjølv om det ikkje er sett av midlar gjennom budsjettet, er det likevel andre måtar å finansiera ei ny og styrka legevakt på, t.d. gjennom bruk av kommunen sin reservepost. Venstre vil framleis jobba for ei fagleg forsvarleg legevaktsordning med god beredskap som hovudprioritet.

Lege

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**