Kabling av kraftlina vil gi raskast og best løysing!

25.02.2010 Det er på tide at vi spanderer litt på miljø, friluftsliv og reiseliv no, seier Gunn Berit Gjerde(V). Ho meiner den siste rapporten om kraftlina Øtrskog-Fardal er tydeleg nok:. Fagutgreiing om biologisk mangfald, kulturmiljø, landbruk og frislufsliv, reiseliv og fritidsbustader kjem med klar tale for kabling på land og i sjø.


Med dei stor inntektene som staten tar inn på kraft i desse dagar, må vi kunne bruke noko ekstra på å bygge ei line som tek omsyn til folk og miljø. Den nye høgspentlina som skal bygast mellom Ørskog og Fardal skal byggast for minst 50 år! Ved å sjå lina i eit slikt perspektiv , er ikkje 2,2 milliardar kroner så fælt mykje penger. I alle fall om vi samanliknar med kostnadene på dei forureinande gasskraftverka som er monterte i fylket vårt. Dei ekstrakostnadene toler vi godt, meiner venstrepolitikaren. Det er ikkje dette som avgjer kor mykje vi må betale for kwh i framtida.
Foto: Henrik Østerman

Vi kan dessutan sanke verdfull erfaring med å bygge og drifte slike liner på land og i sjø. Vi må ikkje vere så redde for å prøve ut nye teknologiar at vi ikkje får framover, hevdar Gunn Berit Gjerde som i tillegg meiner at ved ei kabling i dei mest sårbare områda, vil det bli mindre protestar og protesthandsaming. Sakshandsaminga går raskare og vi kan få lina raskare på plass. For det trengst slik forsyningssituasjonen til Møre og Romsdal er. Det er linekapasiteten som gjer at vi er eige prisområde og har høgare pris enn somme andre delar av landet vårt.
Foto: Henrik Østerman
Foto: Henrik Østerman
Foto: Henrik Østerman


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Lokale nyheter
17.05.2012 • Ålesund
Gratulerer med dagen!

07.05.2012 • Kristiansund
Idèverksted Bypakke Kristiansund

26.04.2012 • Kristiansund
Drift av idrettsanlegg på Atlanten

26.04.2012 • Kristiansund
Ny grønn borgerlig regjering

21.04.2012 • Kristiansund
Medlemsmøte mandag 23.04.12

21.04.2012 • Kristiansund
Hverdagsrehabilitering

Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092