Lokalpolitisk nettverk i Kristiansund
15.03.2011 Tredje samlinga i lokalpolitisk nettverk går i helga av stabelen i Kristiansund. Dette er den nest siste samlinga i skuleringsopplegget Venstres hovedorganisasjon har laga og gjennomført med sikte på valet til hausten.
Denne helga er det Venstre sin skule- og næringspolitikk som har hovudfokus. Elles blir det oppsummering av mediekonkurransen, medietrening og oppsummering av listestillinga.
Som innleiarar frå VHO stiller Kjartan Almenning, Thomas Havro Hansen og Lars Peder Nordbakken.
På kveldstid laurdagen blir det middag, underhaldning av ein duo med klassisk gitar og cello, og utlodning.
Lokale nyheter




