Gunn Berit Gjerde
01.01.2009 Gunn Berit Gjerde ( f. 1954) frå Hareid sit i styret for fylkestingsgruppa. Ho er leiar for venstregruppa på fylkestinget og er i tillegg med i fylkesutvalet og i Nærings-og miljø-utvalet i fylket.
Gunn Berit er også 1. vara til Venstre sitt sentralstyre og representerer Venstre i sentralstyret i KS.
Gunn Berit Gjerde har vore ordførar for Venstre i Hareid. Ho vart vald ved direkteval i 1999 og attvald ved vanleg konstituering i 2003 etter eit brakval der Venstre fekk 7 av 25 representantar i Hareid kommunestyre.
Gunn Berit har også representert Møre og Romsdal Venstre på Stortinget i 2005-2006 då Leif Helge Kongshaug var sjukmeld.
Gunn Berit Gjerde er spesielt opptatt av oppvekstvilkåra for born og unge, men er også sterkt engasjert i næring- og miljø-saker.
Kontakt meg:
Gunn Berit Gjerde
6060 Hareid
Tlf: 41544001
gunn.gjerde(a)gmail.com
Lokale nyheter




