Grunngjeve spørsmål til ordføraren om kvalitet i grunnskulen

Av Kristian Stråmyr i kommunestyret 20. november 2014.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Kristian Stråmyr

I 2009 vedtok kommunestyret i sak 043/09 to tiltak for å sikre kvalitet i grunnskulen på bakgrunn av ein rapport utarbeida av komiteen for kommunal tenesteyting. Det fyrste tiltaket gjekk på kvalitetsutvikling der det mellom anna var lova at kommunen skal avlaste lærarane sitt arbeid med byråkrati for at dei skal få meir tid med elevane. Det andre tiltaket omhandlar rekruttering som gjekk på å bygge omdøme og positiv omtale av skulen og kommunen. Utifrå styringskortet for grunnskuletenester 2013 ser det ikkje ut som at mindre byråkrati er noko som det blir arbeida med i grunnskulen, og kva omdømebygging gjeld er det hovudsakleg IKT satsing som er i fokus.

Rapporten peikar òg på den desentraliserte skulestrukturen som ei utfordring for å få nok ressursar til lærartimar, materiell og kompetanseheving. Når kommunen no har redusert talet på grendeskular i kommunal drift ser vi likevel at rammetimetalet i grunnskulen har gått gradvis ned i den inneverande perioden. Dette er uheldig med tanke på kvaliteten i skulen og går ut over elevar med behov for tilleggs- og spesialundervisning. Haram Venstre har vanskeleg for å sjå korleis vi kan auke forventningane til kvalitet i skulen utan òg å auke rammetimetalet.

Kva meiner ordføraren har blitt gjort sidan 2009 for å sikre høg kvalitet i grunnskulen, og kva meiner ordføraren står att å gjere?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**