Etterlyste beredskapsplanar

Magnar Storøy spurde Ordføraren i sist kommunestyre om kommunen har gode beredskapsplaner om noko uforutsett skulle hende.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


For nokre veker sidan braut vegen i gjennom Tjørvåg saman, og det vart i nokre dagar omkøyring rundt Gurskøya. Det var ein tur som tok ca 40 minutt ekstra. I dette tilfellet var det ein alternativ veg, så det var ikkje verste staden det kunne ha skjedd.

Spørsmål: Har Herøy kommune gode nok beredskapsplanar? Korleis hadde Herøy kommune løyst saka viss det hadde vore på ein stad der det ikkje går an å køyre alternativ rute som t.d. Skarabakken, og heller ikkje utrykningskøyrety hadde kome fram?

Svaret som Venstre fekk av ordføraren på det spørsmålet, som Venstre hadde sendt inn, var at det fanst beredskapsplanar, som vert justert ved behov, men på spørsmålet om kva kommunen hadde gjort viss t.d. Fosnavåg, som berre har ein veg inn hadde fått stengt vegen, så hadde ikkje ordføraren noko godt svar. Det vert ofte å lage til noko etter at ting skjer enn i forkant pga økonomi, det er mange punkt, som skulle ha vore sikra osv

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**