Ørsta Venstre krev utflytting av statlege arbeidsplassar

I løpet av åtte år med Ap, Sp og SV i regjering vart det oppretta nær 7.000 nye statlege arbeidsplassar i Oslo, medan svært få vart flytte ut av Oslo/Akershus. Ørsta Venstre er sterkt misnøgd med at Høgre/Frp-regjeringa ser ut til å følgje i den raudgrøne regjeringa sine spor når det gjeld sentralisering av statlege arbeidsplassar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Gunnar Knutsen og Kyrre Grimstad

Foto: Møre Nytt

Frå sentralt hald blir det påpeika at kommune- og regionreforma må medføre at nye og større kommunar og regionar får nye og større oppgåver. Det er derfor med undring ein registrerer at kommunane og distrikta i forkant av reforma blir tappa for viktig og nødvendig kompetanse ved at samfunnsoppgåver blir sentraliserte. Sentraliseringsprosessar skjer i desse dagar mellom anna innan skatteetaten. Etter Ørsta Venstre si meining bør denne prosessen stoppast no, både av omsyn til brukarane og av omsyn til kommunane som har stor nytte av den kompetansen tilsette innanfor dette fagområdet innehar.

Offentlege arbeidsplassar (statlege, fylkeskommunale og kommunale) trekkjer viktig kompetanse til kommunar og regionar og bidreg til å skape fagmiljø som gir ringverknader også for andre arbeidsplassar i lokalsamfunnet, og er såleis ein viktig føresetnad for at større og vitale kommunar og regionar skal kunne påta seg nye og større oppgåver.

Årsmøtet i Ørsta Venstre ventar derfor at Venstre si stortingsgruppe bidreg til at
pågåande sentraliseringsprosessar blir stoppa inntil ev. ny kommune- og regionstruktur er fastlagd, og at det blir utarbeidd ein plan for rask og målretta desentralisering av statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø.

Årsmøtet i Ørsta Venstre ber også Ørsta kommunestyre om å kjempe for at ansvaret for skatteinnkrevjinga skal behaldast på kommunenivå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**