NYE POLITIKARAR PÅ PLASS

Skodje Venstre fekk 2 plassar i kommunestyret etter haustens val.
Begge er nye i kommunestyresamanhang: Kari Grindvik og Rolf Stavset.
Kari Grindvik er Venstre sin representant i formannskapet og er vald til varaordførar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Etter haustens val syner resultat at vi har ein framgong på 19 røyster i høve komunevalet i 2007.
Prosentvis gåt vi fram frå 7,4 til 7,6%
Likevel er vi det minste partiet i denne perioden.

For at vi skulle kunne få sete i formannskapet, måttte vi samarbeide valteknisk med eitt eller fleire parti.

Framføre møtet med konstituering fekk vi berre eitt reellt tilbod, og det kom frå Høgre og Frp som baud oss varaordførar og med det fast plass i formannskapet,

Vi har inngått eit valteknisk samarbeid for å få plassen i formannskapet. Reint ideologisk står vi eit stykkje i frå Frp. I førre periode vart vi kritiseet for at vi ikkje let det største partiet sleppe til makta. Denne gongen var Frp og Høgre jamstore og vi fekk etter samatalar med desse partia ei kjensle av at vi i fleire saker kunne oppnå fleirtal for Venstre sine saker.

Dette har vi allereie sett ved at vi fekk ta opp att saka med politisk struktur. Venstre sitt mål er eit levande demokrati, med spreiing av makt på fleire. Dette, saman med opne prosessa, trur vi kan føre til at fleire vil engasjere seg i debattane dei neste fire åra. Vi fekk fleirtal for å gjenopprette det faste planutvalet.

Frå Venstre har vi følgjande representantar:

Kommunstyret:
Kari Grindvik
Rolf Steinar Stavset

1. vara Ole Leidulf Stokke
2. vara Kent Are Torvik
3. vara Mads Andre Utvik
4. vara Arnstein Sæthre
5. vara Anders Stefan Grindvik

Formannskapet:
Kari Grindvik

vara Rolf Steinar Stavset

Det faste planutvalet:
Kari Grindvik

1. vara Ole Leidulf Stokke
2. vara Kent Are Torvik
3. vara Anders Stefan Grindvik

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**