EIGEDOMSSKATT

Så vert vel Skodje også nøydd til å innføre eigedomsskatt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Kommuneøkonomien i Skodje har blitt svært stram dei sista åra.

I budsjettvedtaket 2013 vart det gitt klare føringar om å følgje opp dei utgreiingane vi har foreteke så langt denne perioden og det er vist stor vilje til å gå kritisk gjennmom kommunens økonomi.

Trass i at det pågande arbeidet syner å ha god effekt, har vi ein sviktande skatteinngong som kastar mørke skyer, saman med auka behov for investeringar i skule og omsorg.

Venstre meiner det ville vere for lettvint å straffe innbyggjarane og næringslivet med eiendomsskatt, i staden for å rette opp i sin eigen dårlege økonomistyring.

Når vi no er i gong med å få kontroll på økonomien, men ser at inntektssida sviktar, må vi som ansvarlege politikarar ta alle verkemiddel i bruk.

Sjølv om eigedomsskatt vert vedteke, kjem Skodje Venstre som eit ansvarlig parti, framleis arbeide vidare for å halde dei offentlege kostnadane på eit lågast mogleg nivå, som igjen gjer at skatten kan haldast lågast råd. Vi skulle gjerne ha sagt nei til eigedomsskatt, men saman med fleirtalet ønskjer vi å finne konstruktive og gode samarbeidsløysingar framover. Etter Venstre sitt syn er det slik vi best kan bistå innbyggjarane for å oppretthalde gode tenster.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**