Vi vil ha deg med på laget!

Vi spør deg om å stå på Venstreliste fordi vi
har tillit til deg, det du gjer og det du står for
vil bygge eit lag av ulike mennesker som brenn for ulike saker
lokalpolitikken treng nye og engasjerte mennesker
meiner du vil gjere vår liste meir tiltrekkande for velgjarane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


I dag vil eg skryte av alle lokalpolitikarane våre. Det er slett ikkje berre på Stortinget vi har venstrepolitikarar. Venstre har hundrevis av representantar i kommunestyrer og fylkesting rundt om i landet. Og kvar dag jobbar desse for rein natur, reduserte klimautslepp, for ein skule der kvar einskild elev vert sett, for gode velferdstenester til dei som treng det mest og for å gjere det enklare for dei som vil skape framtidas arbeidsplass. Kort sagt jobbar dei for eit samfunn som set folk først.

Venstreleiar Trine Skei Grande uttalar at lokalpolitikarane er hennar heltar. Og det er enklare enn du trur å verte hennar helt. Ta kontakt med oss i lokallaget av Venstre i Skodje og sei at du vil gjere ein innsats. Vi garanterer at du vil bli godt motteken!

Kvifor vil vi ha deg med på laget?
Vi spør deg om å stå på Venstreliste fordi vi
har tillit til deg, det du gjer og det du står for
vil bygge eit lag av ulike mennesker som brenn for ulike saker
lokalpolitikken treng nye og engasjerte mennesker
meiner du vil gjere vår liste meir tiltrekkande for velgjarane

Å vere med i nominasjonsprosessen i lokallaget er mindre skummelt enn du trur. Og å bli folkevald og vere med i lokalpolitikk er spennande og kjekt.

Kva inneber det å stille på liste til kommunevalet, lurer du kanskje på?

Det å stå på liste betyr at
du viser offentleg at du meiner Venstres verdier og saker er viktige for lokalsamfunnet
du vil kunne bli folkevalgt
du bidreg til at fleire viser engasjement for staden du bor og det som skjer i lokalsamfunnet

Vi trenger både deg som ønsker å bli folkevalgt og deg som vil vise din støtte gjennom å stå på lista.

Dersom vi ikkje klarer å stille liste i Skodje, vert det ikkje råd å røyste på Venstre ved kommunevalet i 2015. Det vil skuffe fleire hundre veljarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**