| 11.09.2011 · Bruk stemmeretten din! Ein ryddig valkamp er over og det er klart for å avgi si stemme. Håper alle brukar denne retten og gir ei stemme til den som vil bygge eit samfunn basert på tillit og respekt. Gi gjerne ei stemme til Venstre, og vi skal sørgje for å arbeide for eit slikt samfunn, | |
| 05.08.2011 · Stranda Venstre si valliste Stranda Venstre har utarbeida ei sterk valliste for komande kommuneval. På første står Sissel Mehl (38) som i dag er lærar ved Ringstad skule og nestleiar i Helse, oppvekst og kulturutvalet. På andre plass står Helene Osnes Rimstad (36) som arbeidar som attføringsleiar ved ASVo produkt as. Ho er i inneverande periode medlem av Næringsutvalet. På tredje plass står dagens varaordførar Karl Andre Birkhol (42). Han arbeidar i dag som rektor i Norddal kommune. På fjerde plassen står Oda Kristine Myklebust (18) som er partiet sin engasjerte ungdomskandidat. Med andre ord ei sterk og sprek liste! | |
| 05.08.2011 · Ny toppkandidat Sissel Mehl er Stranda Venstre sin nye toppkandidat. Ho er lærar ved Ringstad skule og er i inneverande periode nestleiar i Helse, oppvekst og kulturutvalet. | |
| 24.08.2010 · Do-tilhøva i Helsemvika - Eg deler ikkje administrasjonen si bekymring over at folk må gå 188 meter for å kome seg på toalettet. Dessutan vil det bety mykje tryggare parkeringstilhøve, sa varaordførar Karl Andrè Birkhol (V), på sist formannskapmøte. Han fekk støtte frå fleire formannskapsmedlemmer. | |
| 21.08.2007 · Møt Stranda Venstre! Dei tre komande laurdagane vert vi å treffe på stand i Stranda sentrum. I tillegg vil vi delta på folkemøta i alle bygdelaga. | |
Arkiv - fortsetter | |
| 21.08.2007 | Program Stranda Venstre |
| 21.08.2007 | Stranda Venstre si liste ved kommunevalet |


