Venstre vil ha folket på bana!

– Skal vi få til ein vellukka kommuneprosess i Hareid og Ulstein, må folket bli høyrde. Dette seier Hareid og Ulstein Venstre i ei politisk uttale.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Politisk uttale frå Hareid og Ulstein Venstre:

Kommunesamanslåing: Venstre vil ha folket på bana

Skal vi få til ein vellukka kommuneprosess i Hareid og Ulstein , må folket bli høyrde. Vi må få til møteplassar der folk får diskutere og gjere seg opp eigne meiningar om korleis kommunane skal sjå ut i framtida.

Vi er redde for at no blir kommunereforma berre brukt til ei rein sentralisering. Vi må vite om innbyggjarane våre får betre tenester og dei tilsette får betre arbeidstilhøve, og at det blir eit sterkare lokaldemokrati ved ei kommunesamanslåing. Og folk må også vere med i diskusjonen om kor stor kommunen skal vere og kven vi skal samarbeide med.

Difor vil Hareid og Ulstein Venstre vere ein vaktar for at det folkevalde demokratiet vårt skal bli tatt vare på og sett i fokus i prosessen. Vi vil også bidra til at det blir ein open prosess der alle innbyggjarar har høve til å vere med i diskusjonen. Og vi vil lytte til kva naboane våre seier. Då kan resultatet bli best mogeleg.

Hareid og Ulstein Venstre gjekk i 2011 til val på å utvide kommunegrensene. Men vi vil ikkje at dette verken skal styrast frå Oslo eller internt i kommunen, men gjennom opne, inkluderande prosessar lokalt. Først då kan vi få endringar som har stor oppslutnad og som er varige.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**