Volda Venstre
Levande bygder og sterkt sentrum. Volda Venstre vil ha forandring! Vi arbeider for å sikre både levande bygder og eit sterkt sentrum i Volda kommune. Vi vil sikre gode offentlege tenester i heile kommunen, og satsar aktivt på skule-, kultur- og næringsutvikling. For meir om Venstre nasjonalt sjå:www.liberal.no
28.10.2011Svært godt representerte!
Etter konstituerande møte i kommunestyret på torsdag kan vi slå fast at Venstre blir svært godt representerte i styre, råd og utval den komande 4års-perioden. Jorunn Aske og Helge Hamre blir å finne i formannskapet, Kardis Hasfjord i forvaltningsstyret og Benedikte Holmberg i driftsstyret og som nestleiar i byggenemnda.
Volda Venstre med flott resultat etter valet!
Volda Venstre hadde størst framgang av partia i Volda, med 4%. Dette har ført til ein auke frå 2 til 3 representantar i kommunestyret, og 2 representantar i formannskapet.
04.09.2011Skulepakke for Volda
I den komande perioden vil Volda Venstre arbeide for: bygging av Nye Øyra skule, maks 20 elevar i kvar klasse og sikre at spesialundervisning alltid blir gjeve av faglærte.
29.08.2011Vi ynskjer
Eit triveleg og aktivt Volda sentrum. Ei gjennomtenkt og ambisiøs sentrumsutvikling. At kommunen brukar ressursar på sentrumsutvikling innan den kompakte sentrumskjernen i samarbeid med private aktørar. At kommunen tek initiativ og gjennomfører tiltak for at sentrum skal vere attraktivt både for tilbydarar og forbrukarar.
26.08.2011Med vilje til å satse (lesarinnlegg i Møre 18/8)
Sist eg skreiv eit lesarinnlegg i Møre, var i februar 2009 etter at kommunestyret hadde sagt nei til det store prosjektet Innovata.
18.08.2011Praksisdagar i pleie- og omsorgsavdelinga
Førre veke gjennomførte ordførarkandidaten vår praksisdagar på pleie- og omsorgsavdelinga. Praksisdagane kom i stand etter avtale med leiinga på avdelinga, som seier seg glade for ei slik form for besøk.
18.06.2011STORLEG OVERRASKA OVER FLEIRTALET I ØRSTA KOMMUNESTYRE
Eit fleirtal av kommunestyret i Ørsta valde torsdag å seie nei til vidare arbeid mot ei samanslåing med Volda kommune. -Eg er storleg overraska over avgjerda, og særleg argumentasjonen til varaordføraren og ordføraren som kjem fram i media, kommenterer Helge Hamre.
10.03.2011Helge som ordførarkandidat!
Onsdag var listekandidatar og styre i Volda Venstre samla til nominasjonsmøte på Nabolaget i Halkjelsgata. Møtelyden valde for første gang på eit par tiår å stille med eigen ordførarkandidat ved valet til hausten.
Volda Venstre har halde årsmøte og har vald nytt styre
Helge Hamre held fram som leiar også det komande året. Med seg i styret har han fått Idar Flo, Gunnhild Larsgård, Håkon Hagen og Live Sætre Rotevatn som alle har vore med i året som har gått. Herbjørn Holte er er ny medlem i styret.
13.02.2011Helge Hamre vald til ny leiar etter Jens Johan Hyvik i Møre og Romsdal Venstre
På årsmøtet i Molde i helga vart Helge Hamre vald til leiar i Møre og Romsdal Venstre. Etter kampvotering kring plassane 4.-6. endte han også til slutt på 7. plass på nominasjonslista til fylkestingsvalet.


