Støtt arbeidet til Volda Venstre!

09.02.2007 Den beste måten å støtte arbeidet til Volda Venstre er å bli medlem i laget. I 2006 hadde vi 27 medlemmar, men vi treng fleire!


Kvifor bli med?
Ved å bli med i laget støttar du verksemda vår.

Volda Venstre er framfor alt eit forum der du kan delta i politisk arbeid på sosialliberalt grunnlag. Det viktigaste arbeidet vår er lokalt, men som medlem i eit nasjonalt parti kan du også delta i aktivitetar på fylkes- og nasjonalt nivå.

Medlammar får m.a. Venstres medlemsblad frå Venstre sentralt. Lokalt her i Volda får du vårt lokale meldingsblad som kjem ut to gonger i året, invitasjonar til medlemsmøte og andre arrangement. Mellom anna arrangerar vi kvart år ei triveleg sommaravslutting saman med Ørsta Venstre.

Vi har også ei e-postliste der vi diskuterar store og små spørsmål. Du kan bli med på denne både om du er medlem eller "berre" sympatisør. Vil du vil være med på e-postlista så send ein e-post til Jens Johan Hyvik (jjh@hivolda.no)

Om du vil bli medlem så kan du melde deg inn (eller få meir informasjon) her, eller du kan ta kontakt med leiar i laget, Jens Johan Hyvik (e-post: jjh@hivolda.no, telefon 90899194).


Kva forpliktar eg meg til? Må eg være aktiv?

Kor aktiv du ønskjer å vere er opp til deg. Om du berre vil støtte laget og arbeidet vi gjer, men helst ikkje være så aktiv er det heilt i orden. Sjølv om du berre vil være "passiv" medlem er vi veldig glad for om du blir med! Fleire medlemmar gjer oss både motivasjon og engasjement for arbeidet, og det aukar slagkrafta vår som organisasjon.

Men vi ønskjer naturlegvis at du vil ta aktiv del i arbeidet vårt! Her fins ymse moglegheiter. Du kan t.d. delta på gruppemøte for kommunestyregruppa, på medlemsmøte og andre møte i laget og i diskusjonane våre på e-postlista.

I Volda Venstre er alle velkommen. Medlemskap medfører ikkje forpliktingar, og kor aktiv du vil være er opp til deg!


Kor stort er eigentlig Volda Venstre?

Volda Venstre hadde i 2007 29 betalande medlemmar, og vi har hatt jamn vekst i medlemstalet dei siste åra. Vi trur den positive trenden er eit resultat av aktivt lagsarbeid og at vi har teke viktige, og ofte kontroversielle, politiske standpunkt i politiske organ.

Venstre står for framtidsretta løysingar på problem det norske samfunnet står ovanfor. Vi er eit parti for heile landet, som står for ein miljøretta, sosialliberal politikk.

I kommunestyret i Volda har Venstre i dag to representantar.


Valkampfondet

Om du er medlem, eller berre ønskjer å støtte arbeidet vårt, så kan du også gjere dette ved å støtte oss økonomisk. Difor har vi oppretta eit valkampfond.

Å drive valkamp kostar, og særleg er kommunevalkampen kostbar for eit partilag som Volda Venstre. Då får vi mindre valmateriell frå sentralt hald, og vi må lage meir sjølv. Valprogram og brosjyrar skal m.a. trykkast, og det kostar like mykje for oss som for større parti med betre økonomi. Difor oppreta Volda Venstre eit valkampfond i 2005.
Du kan støtte arbeidet til Volda Venstre ved å gje eit bidrag til valkampfondet som har kontonummer 3991.05.06823 i Sparebanken Volda Ørsta.


Vedtektar til Valkampfondet
1. Fondets formål er å nyttast til valkampformål ved kommune- og stortingsval.
2. Fondet er oppretta med eigen konto i Sparebanken Volda Ørsta, kto nr. 3991.05.06823.
3. Fondet disponerast av styret i Volda Venstre. Styret kan for ei tidsavgrensa periode delegere disposisjonsrett over fondet til eit eige valkamputval. Rekneskap. for fondet førast saman med lagets rekneskap og leggast fram for årsmøtet
4. Det kan nyttast midlar frå fondet i år med kommune- eller stortingsval.
5. Fondet er opent for bidrag frå privatpersonar. Bidrag kan ikkje overstige kr 10000 pr. år. pr. givar.
6. Volda Venstre vil, så sant det er økonomisk mogleg, sette av kr. 2000 til fondet kvart år.
7. Årsmøtet til Volda Venstre kan endre desse vedtektene med 2/3 fleirtal.

(vedtektene var sist endra ved årsmøtet i 2007)


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Regionale nyhende
19.05.2012 • Møre og Romsdal
SV, AP og FRP redde for lokaldemokratiet?
27.04.2012 • Møre og Romsdal
Operasjon omsorg 15.april til 16.juni 2012
26.04.2012 • Møre og Romsdal
Kronikk: Ny grønn borgerlig regjering
23.04.2012 • Møre og Romsdal
Delegatene på Landsmøte 2012
21.04.2012 • Møre og Romsdal
Hverdagsrehabilitering et viktig satsingsområde
19.04.2012 • Møre og Romsdal
Fra Venstres landsmøte 2012
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092