Jens Johan Hyvik ny leiar i Møre og Romsdal Venstre
17.02.2010 Jens Johan Hyvik, frå Volda, vart vald til leiar i Møre og Romsdal Venstre av eit einstemmig årsmøte i Kristiansund. Med seg som nestleiar får han Helge Hamre, også han frå Volda.
Det nye styret er allereie i gang med arbeidet, og hadde sitt første styremøte på Vestnes. Der vart møteplan for det komande året fastlagt, samt eit par saker som kjem opp på årsmøtet i Sarpsborg diskutert gjennom (distriktspolitisk manifest og innvandring/integrering). Elles vart det også orientert kring planar for avvikling av kursa Venstreskulen 1 og 2, lufta tankar kring medlems- og lokallagspleie - noko vi treng å arbeide godt med i tida framover, på alle nivå.
Møteplan for det komande året:
Våren 2010
6-7. mars. Landsstyremøte (Oslo)
15. mars. (mandag) Styremøte (kl 1730-1900) og formøte landsmøtedelegatar (kl .1900-2100), (Vestnes).
15. april. Landsstyremøte (Oslo)
16-18 april Landsmøte i Sarpsborg
28. april. Styremøte (telefonmøte)
28 mai. Styremøte (Vestnes) Kl 1800-2100
29. mai Representantskapmøte. Vestnes Fjordhotell. Registrering frå kl 1030. Start 1100. Slutt 1700.
12-13 juni Landsstyremøte (utanfor Oslo)
Dessutan: Venstreskulen og ei samling Lokalpolitisk nettverk (meir info kjem seinare)
Hausten 2010
6 september. Styremøte 1730-2100 (Vestnes)
2-3 oktober Landsstyremøte
Oktober. (laurd/sønd, dato blir klar seinare) Representantskapsmøte over to dagar og styremøte. (Ålesund)
1. desember. Styremøte (telefonmøte) kl 1900.
4-5 desember Landsstyremøte (Oslo)
Dessutan: Venstreskulen og 1 samling Lokalpolitisk nettverk (meir info kjem seinare)
Våren 2011
5. januar. Styremøte (telefon)
11. februar Styremøte (Molde)
12-13 februar Fylkesårsmøte (Molde)
Regionale nyhende




