Nedlegging av Rolls-Royce og kommunen sitt ansvar
03.03.2010 Vi er sterkt bekymra for at det kan sjå ut som at verksemda til Roll-Royce i Volda blir lagt ned. No er det viktig at kommunen raskt kjem på bana og tek initiativ til dialog med Rolls-Royce for å sjå om det er noko ein frå kommunen si side kan gjere for at drifta ved Rolls-Royce i Volda held fram, seier Jens Johan Hyvik i Volda Venstre.
Volda Venstre vil ta opp saka på kommunestyremøte i Volda 11. mars og har sendt eit grunngjeve spørsmål til ordførar Ragnhild Aarflot Kalland.
- Mange tilstette står i fare for å miste arbeidsplassane sine og for Volda-samfunnet er det ei tradisjonell industriverksemd som kan forsvinne. Det er spesielt trist fordi det er få slike verksemder igjen i Volda. Om Rolls-Royce legg ned i Volda vil kommunen få eit enda større preg av å være ein kommune som er avhengig av offentlege arbeidsplassar, seier Hyvik.

Foto: jh
Venstrerepresentanten meiner det er kommunen sitt ansvar å ha ein aktiv næringspolitikk og å leggje til rette for at det er eit variert nærings- og arbeidsliv i Volda:
- Det er flott med dei store offentlege verksemdene vi har i Volda, men ein kommune som i for stor grad blir avhengig av einskilde verksemder gjer seg både sårbar for endringar og mindre attraktiv som arbeidsmarknad, åtvarar han.
Den endelege avgjerda om framtida til verksemda i Volda skal Rolls Royce vil i følgje medieoppslag bli tatt på eit styremøte i juni. Kva som skjer med verksemda i Volda er naturlegvis ei industriell og strategisk avgjerd for Rolls-Royce. Likevel meiner Volda Venstre det er viktig at Volda kommune kjem på bana, tar kontakt med Rolls-Royce og signaliserer eit ønskje om å gå i dialog med firmaet og eventuelt dei tilsette sine organisasjonar:
- Hensikta med dette må vere å sjå om det er noko ein frå kommunen si side kan gjere for å leggje til rette for at drifta ved Rolls-Royce i Volda held fram. Dette må bli klarlagt så raskt som råd, slik at ein eventuelt kan drøfte saka i kommunen sine organ.
Vi håpar at ordføraren straks vil ta eit slikt initiativ og i så fall vil ho kunne orientere om dette på kommunestyremøtet 11. mars, avsluttar Jens Johan Hyvik.
Regionale nyhende




