Pressemelding frå prosjektgruppa for nytt kulturhus i Volda

03.03.2010 På grunnlag av vedtak i kommunestyret og mandat frå styringsgruppa, har prosjektgruppa starta sitt arbeid. Det første mandatet prosjektgruppa har fått, og vil ta tak i, er å utarbeide eit grunnlag for innhenting av prosjektleiing.


I dette grunnlaget ligg det å gjere ein del avklaringar:

1. Kva er kommunen sine eigne behov?
Det synest å vere klart at heile det politiske miljøet ynskjer å ha med kulturhussal, bibliotek
og kino i eit nytt prosjekt. Det har også vore kasta fram gamle og nye framlegg, som ein lyt
ta med i dei vidare vurderingane.

2. Er der andre partar som ynskjer å knyte seg til kommunen sine behov?
Prosjektgruppa ynskjer, allereie no, innspel frå partar som ynskjer å vere med å realisere
kulturhusplanane i Volda. Det kan gjelde eigarar av sentrale eigedomar/tomter i sentrum,
næringsdrivande, institusjonar, lag og organisasjonar o.a. Prosjektgruppa ser det som viktig
å få desse momenta på plass tidleg, for å ha eit best mogeleg grunnlag for å ta ein del
mellombelse avgjerder og for å unngå å få for mange innspel kring desse elementa seinare i
prosessen.

Prosjektgruppa skal halde styringsgruppa jamnleg orientert om sitt arbeid, og samstundes starte eit
utstrekt utoverretta arbeid for å få innspel frå det breie lag av befolkninga i Volda. Her ser ein, mellom anna, føre seg eit praktisk retta folkemøte med arbeid i grupper, stand eit par laurdagar i sentrum og papirdukar for nedskriving av idèar på ulike serveringsstadar.
Prosjektgruppa oppmodar alle voldingar og vener av Volda om å vere optimistiske med omsyn til
realisering av kulturhus, då eit samla politisk miljø i kommunen har uttalt at ein ynskjer eit kulturhus i Volda.

Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Regionale nyhende
08.02.2012 • Møre og Romsdal
Endring av innleder til årsmøtet
07.11.2011 • Møre og Romsdal
Første årsmøte i Søre Sunnmøre Unge Venstre!
28.10.2011 • Møre og Romsdal
Redningsselskapet er gull verdt.
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092