Styremøte og myldrekveld
01.06.2010 Volda Venstre kallar igjen inn til kombinert styremøte og myldrekveld på Det grøne treet.
Det blir først ei økt for styret frå kl 19. På saklista til styremøtet står mellom anna framlegg til listekandidatar til Venstre si fylkestingsliste i 2011, bustadsosial handlingsplan, lokalpolitisk nettverk, interpellasjon kring situasjonen på Øyra skule, medlemsstatus, prioriteringar i forhold til revidert budsjett og ei orientering om framdrifta i kulturhussaka.
Frå kl 20 blir det myldrekveld, der det er opp til dei frammøtte å setje dagsorden. Møt opp og set dei folkevalde for Venstre i Volda til veggs!
Regionale nyhende




