Nominasjon til kommune- / fylkestingsvalget 2011.

04.05.2010 Valget 2011 nærmer seg med stormskritt - hvem skal representere Venstre i neste periode?


Nominasjonsnemnda for Nordland Venstre består av:
Franziska Wika (Vefsn) - leder
Bjørn Heggstad (Lødingen)
Jostein Toftebakk (Bodø)
Kerstin Ander-Trønsdal (Mo)
Arne B. Vaag (Fauske)
Nikolai Endresen Dahl, Unge Venstre

Nemnda inviterer alle medlemmer til å kome med forslag til listekandidatar. Forslaga treng ikkje å rangerast, men for kvar kandidat bør det fyllast ut ein standard mini-cv. Svarfrist: 1.juni.
• Nemnda kontaktar valde representantar for avklaring om dei ønskjer attval.


Nominasjonsprosessen ifm Stortingsvalget 2009

Sentralstyret sitt forslag til retningslinjer for nominasjonsnemnder:

Alle medlemmer av nominasjonsnemnda bør akseptere desse retningslinjene for nominasjonskomiteen sitt arbeid:

• Nominasjonsnemnda må spørje alle dei føreslåtte kandidatane om dei er villig til la seg nominere på den føreslåtte plassen.
• Nominasjonsnemnda må spørje dei føreslåtte kandidatane om dei reserverer seg mot Venstre sin vedtekne politikk.
• Nominasjonsnemnda må spørje valde representantar om dei stiller til val på ny.
• Nominasjonsnemnda kan ikkje føreslå kandidat som er medlem i nominasjonsnemnda med mindre vedkomande trekk seg frå nemnda straks forslaget blir fremja anten av komiteen eller av andre. Dersom vedkomande ikkje ønskjer å trekke seg, skal forslaget avvisast.
• Nominasjonsnemnda blir stilt fritt i sitt arbeid med å vurdere aktuelle kandidatar til vallista, men ho er forplikta til å innhente naudsynt informasjon frå kandidatane og kan eventuelt innhente informasjon frå andre kjelder.
• Nominasjonsnemnda har ansvar for at nominasjonsprosessen vert open og inkluderande.
• Kandidatar som blir føreslått til topplasseringar på listene må å ha akseptert dette på førehand.
• Kandidatane må vere innstilt på å sette av tilstrekkeleg tid til naudsynt skulering og aktiv innsats i valkampen. Dette gjeld spesielt for dei øvste kandidatane.
• Kandidatane må stå inne for partiet sitt prinsipprogram og i all hovudsak vere einig i partiet sin politikk. Venstre har ingen krav om at kandidatane må vere medlem i partiet. Det er lov å tenke nytt, utradisjonelt og å vere kreativ i nominasjonsprosessen når det gjeld å føreslå personar som pr. i dag ikkje er aktive i partiet.


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Lokale nyheter
06.02.2012 • Vefsn
Gratulerer med samenes nasjonaldag

31.01.2012 • Meløy
Nytt styre i Meløy Venstre

29.01.2012 • Narvik
Nytt styre i Narvik Venstre

29.01.2012 • Alstahaug
Venstre-smykke til årsmøtet?

27.01.2012 • Alstahaug
Velferds som utviklingsstrategi

26.01.2012 • Vågan
Nytt styre i Vågan Venstre

23.01.2012 • Bodø
Støtt LEAH-aksjonen.

Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092