Valdres Venstre stifta
13.02.2012 Valdres Venstre vart i helga stifta under årsmøte til Oppland Venstre på Fagernes. Gudmor og leiar i Venstre, Trine Skei Grande var med å blåse det nye laget i gang.

Valdres Venstre, markering av oppstart 12. februar 2012.
Foto: Mikkel Dobloug
- Valdres har mange utfordringar og problemstillingar å ta stilling til i tida framover: Samhandlingreformen, utbygging av lokalmedisinsk senter, infrastrukturen gjennom dalen, men òg utfordringar knytt til innovasjon og nyskaping, fråflytting, nedlegging av gardsbruk, tome gardsbruk og mykje meir. I tillegg skal vi halde motivasjonen oppe og drive godt indremedisinsk politisk arbeid i lokallaga – og fram mot stortingsvalet neste år. Til det trengs mobilisering og samarbeid, fortalde Knut Aastad Bråten i Nord-Aurdal Venstre.
Det nye Valdres Venstre består per i dag av eit interimstyre med representantar frå kvart Venstre-lag: Hanne Byfuglien frå Etnedal, Gustav Fystro frå Øystre Slidre, Eivind Brenna frå Vestre Slidre og Knut Aastad Bråten frå Nord-Aurdal.
Lokale nyheter




