Nytt fleirtal — ny regjering

Åtte år med raudgrønt styre er meir enn nok. På landsmøtet til helga bør Noregs eldste parti slå klart fast at det vil bidra til å skaffe landet ei ny regjering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Foto: Ukjent

Av: Sveinung Rotevatn, leiar Unge Venstre

15. oktober i fjor vedtok Unge Venstres landsmøte, med overveldande fleirtal, at eit borgarleg fleirtal bør gje ei borgarleg regjering etter neste stortingsval. Denne helga har moderpartiet høve til å seie det same. Det vil vere viktig for partiet, og det vil vere viktig for landet.

Venstre er eit liberalt parti. Det betyr at vi er eit parti som set folk først, og som tek parti med enkeltmennesket i kampen mot systemet. Når enkeltmenneske, det vere seg asylborn, småbedriftseigarar eller lærarar, har stanga hovudet mot systemet i åtte raudgrøne år, er det på tide at nokon kjem dei til unnsetning.

Behov for grundig utlufting
Venstre er også eit sentrumsparti. Det betyr at det ikkje er ei politisk tyngdelov at Venstre må samarbeide med Høgre og KrF, eller for den saks skuld Frp. Vi kan vi finne saman med ulike parti i ulike saker— det vere seg Raudt i kampen for dei papirlause, eller Frp i kampen mot datalagringsdirektivet. Når Unge Venstre har slått fast at Venstre denne gongen bør vende seg mot dei andre opposisjonspartia på borgarleg side, er det ikkje berre fordi vi ser alle dei felles sakene som partia faktisk er einige om, og som kan gjennomførast med eit nytt fleirtal i ryggen. Det er også fordi det er behov for grundig utlufting.

Den sitjande regjeringa har bevist at den ikkje er liberal, og at den ikkje maktar å satse målretta på å byggje eit grønt og kunnskapsbasert Noreg. Dessutan har den ikkje vist fnugg av interesse for å finne løysingar saman med Venstre. Den arbeidarpartidominerte regjeringa er styringstrøtt, kjem knapt med saker til Stortinget, og fører landet sakte, men sikkert i gal retning. Det er behov for ein grundig snuoperasjon.

Det vi er einige om
Kva skal så denne operasjonen bestå av? På borgarleg side er partia einige om mykje. Ein er einige om behovet for å trappe opp innsatsen inn mot forsking og høgare utdanning — den viktigaste investeringa for framtida. Ein er einige om at staten ikkje treng ha monopol på tenesteproduksjon, og at alle gode krefter bør få sleppe til, til dømes i den overbyråkratiserte helsesektoren. Ein er einige om behovet for kollektivsatsing i byane, og vegbyggjing i distrikta. Ein er einige om å mjuke opp arbeidsmiljølova, slik at fleire kan få ein fot innanfor arbeidslivet. Og ein er einige om å gjennomføre ein del strategiske skatteletter, slik at næringsliv og arbeidsplassar kan sikrast i ei tid med stor uro i verdsøkonomien.

Med litt arbeid kan ein kanskje til og med bli einige om reformer som er vanskelegare å gjennomføre, men desto viktigare for landet. Dette gjeld omleggjing av trygdesystemet slik at det alltid lønar seg å jobbe. Det gjeld å få ein ny og forsterka kommunestruktur, der ein kan løyse fleire oppgåver lokalt. Og det gjeld å sleppe bøndene fri frå planøkonomisk styring og proteksjonisme.

Det vi er ueinige om
Ingen skal likevel legge skjul på at det er stor politisk avstand mellom Venstre og dei andre opposisjonspartia. Ikkje minst gjeld dette forholdet til Frp. Vi snakkar her om vanskelege spørsmål som asylpolitikk, miljøpolitikk og nivået på offentleg pengebruk, som alle er kjernesaker for eit liberalt parti. Her må Venstre vere tydelege på sine standpunkt, og gjere det klart for både veljarar og potensielle samarbeidspartnarar kvar grensene må gå. Og for alle veljarar som deler Venstre sitt syn i desse sakene, og som ønskjer regjeringsskifte, bør det vere openbart kva stemmeseddel ein bør putte i urna på valdagen.

Eg er einig med Trine Skei Grande at dei politiske realitetane tilseier at den mest styringsdyktige koalisjonen vil bestå av Venstre, Høgre og KrF, og at det er lite sannsynleg at Venstre vil ende opp i regjering med Frp. Eg er vidare einig i at Venstre ikkje skal dele ut garantiar i aust og vest, eller setje saman noko regjeringsalternativ før veljarane har sagt sitt. Forhandlingar må vise kva liberale gjennomslag det er mogleg å få. Det dei borgarlege partia bør vere einige om, er eit løfte til veljarane om at ein vil bruke fleirtalet saman — og gje den arbeidarpartidominerte regjeringa avløysing.

Røiseland revival
Det er for så vidt ikkje noko nytt at behovet for å avløyse sosialdemokratiet har gitt Venstre uvante sengepartnarar. I 1965 garanterte Venstre for eit skifte. Då hadde Arbeidarpartiet styrt landet så godt som samanhengande i 20 år. Kritikken var var krass mot venstrehøvdingen Bent Røiseland, ikkje minst sidan han var villig til å samarbeide med Høgre — Venstres arvefiende sidan 1884. På eit partimøte før valet møtte Røiseland kritikken med følgjande kommentar:

«Nå har vi muligheten til å gi Arbeiderpartiet nyttige år i opposisjon. Det trenger sosialdemokratene. Det er viktig med et skifte, viktig at nye statsråder med en annen verdiforankring arbeider seg gjennom saker i skuffer og skap og legger grunnlag for en ny politikk og en ny morgendag».

Og skifte vart det. Denne helga kan Venstre bidra til at historia gjentek seg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**