Uttalelse: Stopp blodbadet på Sri Lanka
24.04.2009 Den humanitære situasjonen for tamilane på Sri Lanka er prekær. Mellom 100.000 og 200.000 sivile oppheld seg i eit område på 12 kvadratkilometer der krigen mellom regjeringssoldatane og LTTE vert utkjempa. Og fleire hundre menneske vert drepne og lemlesta kvar dag.
Uttalelse Venstres landsstyre: 23.04.2009
Noreg har ilag med USA, Japan og EU oppfordra partane til å starte forhandlingar for å få slutt på kampane. Dette har vi ikkje lukkast i.
Sterkare press
Venstre meiner at Noreg saman med det internasjonale samfunnet, må legge sterkare press på partane i krigen på Sri Lanka for å hindre at blodbadet held fram. Verdsamfunnet må ikkje gjere same feil som i Rwanda og Srebrenica der ein passivt såg på folkemord. Partane må akseptere våpenkvile, og humanitære organisasjonar og journalistar må få høve til å kome inn i krigsområdet.
Venstre er oppteken av at rettane til den tamilske sivile folkesetnaden må sikrast. Det internasjonale samfunnet må framleis spele ei viktig rolle i freds- og rettferdsarbeidet.
Verdssamfunnet er gjennom ei erklæring frå 190 land i 2005, forplikta til å handle aktivt og førebyggjande når folkegrupper vert truga med folkemord.
Venstre krever
At Sri Lankas regjering og LTTE umiddelbart stanser krigshandlingene og overgrepene mot sivile, og at den norske regjeringen ber FNs Sikkerhetsråd om å henvise situasjonen på Sri Lanka til ICCs aktorat for etterforskning av mulige krigsforbrytelser og forbrytelser mot menneskeheten.
Arkiv
- 26.04.2009 Oppsummering av landsmøtet 2009: Miljø, kunnskap og fornying hovedsaker for Venstre
- 26.04.2009 Hoveduttalelse: Venstre: Miljø - kunnskap - fornying
- 26.04.2009 Landsmøtets vedtak om tilknytningen til EU
- 26.04.2009 Uttalelse: En god oppvekst er nøkkelen til integrering.
- 25.04.2009 Bedre velferd, robust lokaldemokrati og sterkere kommuner
- 25.04.2009 Fråsegn: Tiltak for eit betre og meir heilskapleg barnevern
- 25.04.2009 Uttalelse: Venstre vil sikre digitale borgerrettigheter
- 25.04.2009 Kreative sjeler med T-skjorte-ideer
- 25.04.2009 Uttalelse: Veien ut av krisen
- 25.04.2009 Uttalelse: Voldsspiralen i Afghanistan må stoppes
- 25.04.2009 Uttalelse: Venstre vil ha en grønn Nasjonal Transportplan
- 24.04.2009 Video: Utdrag fra Sponheims tale
- 24.04.2009 En kunnskapspolitisk skandale
- 24.04.2009 Video: Velkommen til landsmøtet på nett
- 24.04.2009 Video: Elvestuen om programmet
- 24.04.2009 Uttalelse: Stopp blodbadet på Sri Lanka




