Vedtatt uttalelse: Vern gyteområda i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen
18.04.2010 Venstre er sterkt i mot at det blir opna for oljeleiting på dei sårbare gyteområda utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen. Dette er dei viktigaste gyteområda for torsk og sild langs kysten vår. Dette er naturområde som er heilt eineståande i norsk og internasjonal samanheng, og som må få varig vern frå petroleumsaktivitet.

Foto: Willy Vendeville | Dreamstime.com
Venstre understrekar også at petroleumsaktivitet i desse områda vil bidra til endå meir CO2-utslepp i ei tid kor Noregs viktigaste oppgåve er å redusere dei samla utsleppa betydeleg.
Olje- og energidepartementet utlyste i februar fleire omstridde område for oljeleting utanfor Mørekysten, mellom anna blokkar som ligg i gyteområda til vårgytande sild og i område med store førekomstar av sårbare kaldtvasskorallrev. Dette har regjeringa gjort mot råda til eigne statlege fagetatar, mellom anna Havforskingsinstituttet og Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT).
Venstre vil prioritere fiskeri- og miljøinteressene i Lofoten, Vesterålen og på Mørekysten. Vi er djupt skuffa over regjeringa som mot betre vitande gamblar både med store og fornybare økonomiske interesser for fiskerinæringa og viktige miljøinteressar.
Venstre vil derfor ha petroleumsfrie soner på dei viktigaste gytefelta våre utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen.
Arkiv
- 18.04.2010 Video: Møt Trine Skei Grande i samtale med TV2
- 18.04.2010 Det viktigste fra landsmøtet 2010
- 18.04.2010 Dette er Venstre nye ledelse
- 18.04.2010 Vedtatt uttalelse: Muligheter i mangfold
- 18.04.2010 Vedtatt uttalelse: Norge trenger liberale reformer
- 18.04.2010 Vedtatt uttalelse: La læreren være lærer
- 18.04.2010 Vedtatt uttalelse: Nei til statlig detaljstyring
- 18.04.2010 Vedtatt uttalelse: Vern gyteområda i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen
- 18.04.2010 Vedtatt uttalelse: Fra ord til handling i klimapolitikken
- 17.04.2010 Vedtatt uttalelse: Bekjemp narkotika, ikke narkotikaavhengige!
- 17.04.2010 Video: Skei Grande ny leder i Venstre
- 17.04.2010 Vedtatt uttalelse: En bedre gründer- og småbedriftspolitikk
- 17.04.2010 Vedtatt uttalelse: Norge trenger en konsekvent utenrikspolitikk
- 16.04.2010 - Rock and roll will never die
- 16.04.2010 Video: Se Lars Sponheims tale
- 15.04.2010 Landsmøtet: Fylkeslagene planlegger alternative reiseruter til Sarpsborg




