Uttalelse: Ja til sjøkabel i Hardanger
12.06.2010 Venstres landsstyre meiner det er avgjerande å slå ring om eit naturlandskap som er unikt i verdssamanheng, og stiller seg heilhjarta bak Hardanger og Hordaland sitt unisone nei til den planlagde kraftlinja i luftspenn mellom Sima og Samnanger. Venstre krev at ministeren tek klagen til følge.
Spørsmålet om nye kraftlinjer i Hardanger handlar om miljøvern. Men det handlar også om respekt for det lokale folkestyret. Eit samla politisk miljø i Hordaland har sagt klart frå at dei ikkje ynskjer den planlagde kraftlinja, og motstanden i lokalbefolkninga er massiv. Dette folkelege engasjementet fell likevel for døve øyrer i regjeringsapparatet, og hardingane har måtte leve i uvisse gjennom heile det raudgrøne styret.
Manglanda uavhengighet
Venstres landsstyre ser det også som særs problematisk at staten har sete ved absolutt alle sider av bordet i denne saka. Det er vanskeleg å ha tiltru til ei objektiv og reell klagehandsaming så lenge Olje- og energidepartementet, som er klageinstans i saka, også er eigar av utbyggjaren Statnett. Venstre er uroa over manglande uavhengighet og kompetanse i departementet som skal sikre den politiske styringa av energiområdet. Når NVE samstundes har til oppgåve å rådgje både departementet og Statnett, vert samrøret totalt.
Miljøvenlege alternativ
Forsynings- og beredskapssituasjonen i Bergensområdet må sikrast. Venstres landsstyre meiner planane om ei ny kraftlinje i luftspenn må leggjast på is, og at andre og meir miljøvenlege alternativ må vurderast, mellom anna sjøkabel. Det fortener miljøet, og det fortener befolkninga i Hardanger.
Arkiv
- 26.01.2012 Klimameldingen utsettes for fjerde gang
- 25.01.2012 InterCity-satsing viktigst akkurat nå
- 17.01.2012 Klimaforliket: 4 år med tapte muligheter
- 13.01.2012 - Pinglete om lyntog
- 27.12.2011 Obligasjoner kan løse jernbanekrisen
- 19.12.2011 Oljemeldingen i Stortinget
- 15.12.2011 Synnøve Kvamme er Årets nordmann
- 15.12.2011 Arbeiderpartiet må stå fast ved klimaforliket
- 15.12.2011 Venstre-Terje i fri stil
- 12.12.2011 Må kutte i nasjonale utslipp
- 07.12.2011 Vindfanger årets kommuneprofil
- 04.12.2011 Uttalelse: Venstre vil ha reformer i landbrukspolitikken
- 03.12.2011 Her gir hun regjeringen klimaargumentene
- 03.12.2011 - Miljøpartiet Venstre med konkrete klimatiltak
- 02.12.2011 - Lar særintessene styre pelsdyrpolitikken
- 30.11.2011 Ingen løfter om redusert saltbruk




