16-åringar må få røysta

13.10.2008 Jarle Braut og Venstre vil at Rogaland skal søkja om å få prøveordning med røysterett for 16-åringar ved neste fylkestingsval. Han tek saka opp i ein interpellasjon i fylkestinget i morgon. Kleppa og regjeringa har nemleg gått inn for røysterett for 16-åringar som ei prøveordning i utvalde kommunar.


Foto: Vidar Grundetjern
– Gjennom skule og eit mangfaldig mediebilete får dei kunnskap om samfunnet som langt overgår det vanlege kvinner og menn hadde då me fekk allmenn røysterett i 1913. 16-åringane veit mykje om skulen, dei driv idrett, besøkjer bibliotek og teater; med andre ord: Dei er aktive deltakarar i samfunnet og har gode føresetnader for å røysta, argumenterer Braut.

Vidaregåande skule, kultur og kollektivtrafikk er primæroppgåvene til fylkeskommunen. Nettopp desse områda opptek ungdom, ivrar han vidare.

Les hele saken i Aftenbladet, her >>

Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092