– Det folkelege engasjementet er viktig!

22.03.2007 Det seier Jarle Braut, gruppleiar for Venstre si gruppe på fylkestinget, i samband med at styringsgruppa for Garborgsenteret ikkje ønskjer å offentleggjera skissene til det nye senteret. Han oppmodar styringsgruppa til å gjera skissene kjende alt no.


Jarle Braut
Jarle Braut
- Interessa er stor, folk engasjerer seg. Då rimar det ikkje at berre nokre ganske få får vita korleis planane er. Dette er feil strategi og fører berre til spekulasjonar og rykte, seier han til Stavanger Aftenblad.

Også leiaren i Time Mållag meiner at det er viktig at skissene blir lagt fram alt no.

- Dette bygget har stor allmenn interesse, me byggjer for offentlege pengar og det har ikkje vore arkitektkonkurranse. Då er det endå viktigare at prosessen er open, seier Tarald Oma som og har sendt e-post til ordføraren og bede han ta initiativ til at skissene vert offentleggjorte.

Les meir i Stavanger Aftenblad her >>

Sjå også NRK Rogaland sine nettsider her>>

Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092