Nei til masseovervaking

— Politikarane har ansvar for å lage lover og system som vernar borgarane. No har det gått så langt at borgarane må verne seg mot statleg overformynderi, skriver Eirik Tangeraas Lygre i Rogaland Unge Venstre i et innlegg i Rogalands avis denne uka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Eirik Tangeraas Lygre

Foto: Privat

Overvåkning - Personvern

Foto: Venstres bystyregruppe i Stavanger

overvåkning forsvaret

Foto: Dagbladet

Debatten om storstilt overvaking er tydelegvis ikkje over. Sjølv om EU-domstolen i vår erklærte Høgre og Arbeidarpartiet sitt kjærleiksbarn datalagringsdirektivet for ulovleg og i strid med grunnleggande menneskerettar, viser PST-sjef Benedicte Bjørnland no urovekkande iver etter å kikke deg og meg over skuldra — utan mistanke.

Minst like skummel som tanken på å bli overvaka er faren for dårleg datasikkerheit. Trur du det dristige biletet du sendte over Snapchat blir sletta etterpå? Tru om igjen. Omtrent alt du gjer over internett blir andre sin eigedom og ligg lagra på ein server ein stad. Alt som er lagra står i fare for å lekke ut, og det finst talrike eksempel på private bileter som har gått sin rundgong på ulike forum og pornografiske nettstader. I Unge Venstre synest me det er ålreit at sensitiv data ikkje blir sett gjennom av naboen, staten eller sjefen.

Følgjene av masseovervaking er mange. Informasjon om kva ein gjer på nett blir allereie i dag lagra, og dei fleste har mista kontrollen over sin digitale kvardag. Det i seg sjølv er eit omfattande trugsmål mot den enkelte sin fridom, men å gjere innsamling av enorme mengder data frå alle nordmenn til eit statleg verktøy er eit verkemiddel frie, demokratiske statar normalt ikkje vil assosiere seg med. Når ein har reint mjøl i posen, skal ikkje staten måtte sjekke det i tide og utide, spesielt ikkje når dei som faktisk er kriminelle enkelt kan gøyme seg frå staten si masseovervaking.

Men kvifor er overvaking så farleg? Jo, det er fordi privatliv og fridom heng nøye saman. Alle vil oppføre seg annleis heilt åleine enn når ein veit ein blir overvaka. Innfører ein masseovervaking, vil mange endre åtferd fundamentalt for å ikkje verke rare eller mistenkelege. Ein har ikkje lenger fridom til å gjere akkurat som ein vil, når ein vil. Av same grunn låser ein døra når ein skal på toalettet. Ikkje fordi ein skal gjere noko ulovleg, men fordi ein har behov for å vite at ein er heilt åleine. Fridomen til å vere heilt åleine må også gjelde på nett.

Språkrådet slår fast i ordboka si at demokrati er «ei styreform der folket har den avgjerande makta». For å ha makta, må folket også ha den avgjerande kunnskapen om folka dei stemmer på. Har ein ikkje det, risikerer ein å legge makta i feil hender. Styresmakter vil alltid måtte halde somme dokument hemmelege, men kvar gong eit dokument blir hemmelegstempla, blir folkemakta litt innskrenka. Skrekkeksemplet er USA, kor ein oppretta hemmelege komitear, domstolar og sjølv hemmelege lover i kjølvatnet av 11. september. Alt låg dermed til rette for å initiere massiv, hemmeleg overvaking av eigen befolkning. Ein såg på heile folket som potensielle kriminelle som staten måtte passe på.

— Fall i badekaret og politivald tar fleire amerikanske liv enn terrorisme, likevel er me i ferd med å miste våre mest grunnleggande menneskeretter i frykt av å bli råka av det, uttaler Edward Snowden. Han har nettopp avslørt det hemmelege amerikanske overvakingsmonstret. No er Snowden ettersøkt for landsforræderi og kan risikere dødsstraff i heimlandet for å avsløre ulovleg overvaking av store deler av verdas befolkning — heilt klart systematiske brot på menneskerettane. Det er ei skremmande utvikling i landet som hevder å vere «land of the free, home of the brave».

Politikarane har ansvar for å lage lover og system som vernar borgarane. No har det gått så langt at borgarane må verne seg mot statleg overformynderi. Omsynet til sikkerheit må bli veid opp mot omsynet til den enkelte sin fridom og rett til privatliv. Staten skal vere eit verktøy for folket. Folket må aldri bli redusert til ei simpel brikke i statens teneste. Unge Venstre set denne hausten personvern i fokus, og krev at regjeringa skal legge arbeidet med ei ny datalagringslov død med det same. Me vil grunnlovsfeste retten til eit privatliv og me krev at selskap ikkje lenger skal ha lov til å overvake deg. Slik vil me ta tilbake kontrollen over eigen nettbruk og eige privatliv.

I lys av stadig nye krav frå PST har me god grunn til å frykte liknande utviklingstrekk som i USA. Noreg er eit samfunn bygd på tillit. Det er bra, men me kan ikkje la tilliten utvikle seg til blind naivitet. Det er tid for å slå fast at dei stadig utvida rammene til PST har gått for langt, og det er på høg tid å be overvakingskameratane i Høgre og Arbeidarpartiet om å slå seg til ro med at det er ulovleg å overvake uskuldige borgarar. Personvernet må tilbake på agendaen, og me må, som Bergens Tidende slo fast sist veke, seie soleklart nei til eit norsk NSA.

Les innlegget i Rogalands avis

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**