Ambisiøst valkamputval

Utvalet som skal leia Rogaland Venstre inn i det kommande valet er peikt ut. Mellom utvalsmedlemene er tre av toppkandidatane til fylkesvalet, og tidenes yngste valkampsjef.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Leiar av valkamputvalet, Eirik Tangeraas Lygre

Leiar av valkamputvalet, Eirik Tangeraas Lygre
Foto: Joachim Steinbru

— Me har greidd å finna ein god balanse av unge og gamle, studentar og yrkesaktive, erfarne og nytenkande. Eg trur me kjem til å utfordra dei store partia i mykje større grad enn tidlegare, seier Kjartan Alexander Lunde, leiar i Rogaland Venstre.

Valkamputvalet har overordna ansvar for å organisera valkampen og å jobba tett saman med lokallag for å sikra eit godt valresultat. Blant oppgåvene er utforming av materiell, arrangering av møter, aksjonar og stands, i tillegg til arbeid med lokale og regionale medier. Slik ser årets utval ut:

Eirik Tangeraas Lygre er leiar for valkamputvalet og ungdomskandidat til fylkesvalet. Han har tidlegare vore leiar for Rogaland Unge Venstre, samt valkampsjef for same organisasjon foran sist stortingsval. I kraft av å vera fylkesleiar i Unge Venstre har han fått verdifull erfaring gjennom plassen sin i landsstyret til Unge Venstre, og fylkesstyret til Rogaland Venstre. Etter deltaking i ei rekke skoleringsprogram i Unge Venstre og Venstre har Lygre opparbeida seg solid erfaring i valkamporganisering, retorikk, debatteknikk og mediearbeid. Nå studerer han historie ved Universitetet i Stavanger og sit som styremedlem i Sauda Venstre.

Anja Berggård Endresen er førstekandidat til fylkesvalet. Ho har vore gruppeleiar for Sola Venstre sidan 2011. Endresen er representert både i kommunestyret og formannskapet i Sola kommune, i tillegg til å vera politisk nestleiar i Rogaland Venstre.

Kjartan Alexander Lunde er leiar av Rogaland Venstre. Han er vararepresentant til Stortinget og fylkestinget, og møter fast i Stavanger bystyre. Lunde har vore representert i Rogaland Venstre i åtte år, og har lang fartstid i politikken, blant anna frå Unge Venstre. Han var valkampsjef for Rogaland Venstre ved stortingsvalet i 2013.

Svein Abrahamsen er gruppeleiar for fylkestingsgruppa og andrekandidat til fylkesvalet. Han er i tillegg vararepresentant til Stortinget og bystyret i Haugesund. Tidlegare har Abrahamsen vore leiar for Haugesund Venstre, samt tilsett i Kommunaldepartementet og Riksrevisjonen.

Nina Østebø er kommunestyrerepresentant i Suldal kommune. Bak seg har ho to år som fylkesstyremedlem i Rogaland Venstre. Østebø har også leia Suldal Venstre og har god kjennskap til valkamp på lokalt plan.

Jan Erik Søndeland er politisk nestleiar i Stavanger Venstre. Han har på rekordtid blitt eit kjent andlet i politikken, og kan skilte med stor arbeidskapasitet og kreativitet.

Toppkandidat og utvalsmedlem Anja Endresen har problem med å halde tilbake entusiasmen.

— Eg gler meg kjempemykje til å jobba med dette dyktige utvalet! Saman skal me spreie sosial og grøn politikk, og ikkje minst mobilisera flotte Venstrefolk over heile fylket til eit rekordval. Det blir mykje hardt arbeid, men garantert moro!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**