Uttalelse: Ytringsfridom

På Rogaland Venstre sitt årsmøte vart det laurdag 7. februar vedteke ein uttale om ytringsfridom.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Ytringsfrihet

Foto: .

Rogaland Venstre meiner at du skal kunne tenkja, seia, skriva, synga og teikna det me ynskjer utan å risikera å risikera trugsmål eller vald.

Ytringsfridomen er eit ufråvikeleg prinsipp, og me må tåla ytringar som me er ueinige i. Me må tåla ytringar som provoserer oss. Desse skal møtast med argument, kunnskap og openheit.

Ytringsfridomen er grunnleggjande i demokratiet, og ansvaret for å hindra vald og ekstremisme skal aldri leggjast på dei som vel å ytra seg. Morda i Paris har dessverre gjort det naudsynt å understreka dette.

Ytringsfridom inkluderer retten til religionskritikk, sjølv om me personleg kan finna ytringa støytande, og sjølv om me personleg kan vera ueinige i den form ytringa framsetes.
Utvidinga av ytringsfridommen har skjedd saman med utviklinga av det moderne demokratiet, la oss ikkje begrensa fridomen no!

Tenk, snakk, skriv, syng og teikn!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**